onsdag 6. februar 2013

Årsteppe

Det er jubel i stova, årsteppet er ferdig!!!
Ååh, for ein herleg følelse, og eg blei kjempe fornøgd med resultatet!
Det blei ikkje den fargen eg hadde tenkt rundt kanten,
men det blei bra med mørk kant og.
Teppet måler 2 x 1,58 m, er strikka i Rubin og veg 2040 gr.


I eit år har eg jobba med teppet.
Var så heldig å få vera med på ein along laga av Zirkona.
Kvar måned i heile 2012 fekk me nye mønster på to lappar.
Det var som å opna ei luke i adventskalenderen kvar 1. i måneden,
like spennande kvar gang!
Nokre mønster har eg vore borti før og nokre var nye, 
det har vore veldig kjekt og lærerikt.

Januar - dominostrikk                        februar - kontstrikk
mars - fagerhud                          april - fletting
mai - mosaikk                        juni - bobler
                      juli - bikube                        august - relieff og lomme 
september - skyggestrikk                          oktober - hullmønster
november - stjerner                  desember - Icord og perlestrikk



I januar har eg strikka lappane isamen med ei flette. 
Fyrst strikka eg 5 omganger rundt kvar lapp, før eg strikka dei samen.
Rundt kanten er same fletta pluss tre masker perlestrikk ytterst på kanten.


Nå ligg teppet og pynter opp på sofaen :))


Som sagt, eg er kjempe fornøgd!

FAKTA
Rubin
pinne nr 4
Samenstrikking 650 gr.





2 kommentarer:

  1. Gratulere med stas-teppet ferdig!! Verkleg flott! Eg ser du har lagt mykje arbeid i kantane dine og veit du var på jakt etter meir garn. Men, du fiksa da du!

    SvarSlett
  2. Gratulerer med det fine teppet!
    Og den mørke kanten gjorde seg godt :)

    SvarSlett