torsdag 28. februar 2013

Denne veka har eg vore på farten kvar dag.
I går var eg på bytur samen med dattera, og det blei jo shopping ;)
Gjorde nokre gode kupp, fant fleire topper med 70% avslag, og det liker me jo :))

Me hadde og ein tur på Sparkjøp, og då kan du vel tenkja deg kva som blei med meg heim.
Ja då, ein bærepose med garn!


Nå skal det bli dokkeklær og sokkar og .....??  Det er nå godt å ha i hus ;)
Dei hadde fått eit nytt babygarn, Emilie, det var såååå mjukt og godt.
Men eg las ikkje på magebandet før eg kom heim, det var syntetisk!
Og då blir det dokkeklær, ja.

Eg har hatt eit "gå bort" strikk på pinnane ei stund, ei par sokkar. I dag har eg gjordt dei ferdige. 
Det er godt med ein pause fra klokkestrikk av og til.
Min kjære trenger sokkar stadig vekk, han sliter dei heilt ut då han bruker strikkasokkar kvar dag.


Må bare visa dokke den flotte kaka dattera laga til barnedåpen til jenta si.
All pynten laga ho sjølv.
Me var i barnedåp på søndag, ein koseleg dag med heile famelien.
Me fekk vera fadrar for vårt yngste barnebarn :)



FAKTA
Ola garn
pinne nr 3,5
106 gr.





1 kommentar:

  1. Å kjenne eg glede meg til ein liknande bytur med dotter, i morgon. Alltid kjekt å ha garn, masse masse garn. Dumt det var akryl i Emilie.
    Kaka til Mariell, er nydeleg flott! Lykka til med barnedåpen!

    SvarSlett