mandag 18. februar 2013

God mandag :)

Det går fryktelig seint med arbeidet mitt for tida,
og det har fleire årsaker.
Eg har hatt nokre dagar med feber og helsa er ikkje ennå på topp.
Då er ikkje strikkelysten heller på topp, men eg har nå putla litt.
Og så måtte eg rekka opp og begynna på nytt då det blei for stort, 
eg bruker eit anna garn enn i oppskrifta. 
Strikkefastheten var ikkje lett å finna ut av i det møsteret, sjølv om eg strikka ein prøvelapp.
Sjølve mønsteret går og seint å strikka.
Eg auker nesten 200 masker på ein omgang som blir gradvis felt av igjen,
då blir det små klokker, mønsteret heiter Canterburyklokke.
Og så er det, som eg skreiv sist, mange vridde vrange masker.
Men denne dama gir ikkje opp, jakken skal bli ferdig.... ein gang ;)



Baksida blir og fin.


Eg får fortsetta å strikka, ha ein fin dag!





2 kommentarer:

  1. Synd du måtte rekke opp, men eit nydeleg mønster er det du strikkar. Tolmod er vel noko som vi har ein del av vi som strikkar store plagg med mønster og til dels tynn tråd. Lukke til vidare med prosjektet, håper helsa og arbeidslysta kjem seg!

    SvarSlett
  2. Oisann - detta var flott du!! Nesten synd du ikkje skal ha alt det arbeidet sjølv?! Beundre tolmodigheten din, ja!! Lykke til - skal følge med når arbeidet veks!

    SvarSlett