onsdag 13. februar 2013

Nesten så eg angrer....

Ei venninna spurte meg om eg ville strikka ein jakke til henne,
og det var jo klart eg ville. 
"Eg kjem med ei utfordring til deg," sa ho då ho kom med garn og oppskrift,
og det skal eg seia ho gjorde!
Det skal strikkast vridde vrange, og det går greit med ei maske,
men når det skal strikkast to masker samen vridd vrangt....puh!!!
For å få dei til å liggja vridd rette vegen,
 må eg stikka pinnen inn i bakre maskeledd feil veg, om du forstår.




Er det någen som har ein enkel måte å gjera det på?
Denne jakken kjem det til å ta tid å strikka, det var jammen ein utfordring!!
Canterburyklokke heiter mønsteret.


Eit noko lettare arbeid er ferdig, eit par tova votter i Ask garn.
Datter mi ønska seg dei :)


Ha ein fin dag :)

FAKTA 
Ask garn
pinne nr 6
52 gr.






1 kommentar:

  1. Flotte votter :)
    Et lite tips om de vridde vrange:
    Plukk begge maskene over på høyre pinne, snu arbeidet med andre siden mot deg og strikk dem vridd rett sammen. Flytt den ferdig strikkete masken over på venstre pinne og snu arbeidet tilbake igjen. Litt tungvint med all snuingen kanskje, men lettere å få strikket maskene sammen.

    SvarSlett