tirsdag 19. mars 2019

Babykjole

Niesa til mannen min fekk ei lita jente, 
og då fekk eg lyst til å strikka kjole til henne.
Eg fann ei fin mønster i eit gammalt babyhefte til Dale,
men eg hadde ikkje rette garnet.
I hylla mi fann eg Viking Alpakka Silke som eg satte i gang med.
Det garnet er tjukkere, og eg la opp til liten størrelse,
men kjolen blei større enn eg hadde tenkt, den er sikkert 1-2 år.
Er den for stor til å gi i sengmat, det blir lenge til den kan brukast??
Eg må kanskje strikka ein ny, skal alltid finna ei jente som kan bruka denne.


Eit par sokkar til maen har vore på pinnane ei stund.
Det er greit å ta med seg som reise - ventestrikk.



Det er vår i solveggen, desse krokusane er nesten avblomstra alt.





tirsdag 12. mars 2019

Foss Genser - Samstrikk

Det går i kofter og gensere for tida og det liker eg.
Eg farger i ein ny garntjukkelse i lammeull og hadde bruk for ein modell.
Det er greit å vita kor mykje garn ein treng til eit plagg.
Garnbutikken Fortuna har ein samstrikk på genseren Foss,
mønsteret ligg gratis på Filcolana.dk.
Eg synes den genseren er veldig fin, og eg liker å strikka striper.
Blei godt fore\nøgd med dei duse grønfargarne,
dei passa godt til mønsteret. 
Det er ikkje alltid at rundfelling passer så godt på meg,
men denne genseren hadde fin passform.
Veldig greit å sleppa montering!!



Det er ikkje for seint å vera med på samstrikken om nokon får lyst til det,
den varer ut april, så det er god tid.
Gruppa finn du på Ravelry, og navnet er Garnbutikken Fortuna.
Dei har og ein podcast på Youtube under same navn.
Det er mor og datter som driv garnbutikk.
Anbefaler å sjå den, dei strikker mykje fint og har ein fin humor seg imellom,
og dei snakker norsk.

lørdag 2. mars 2019

Raglan Genser

Eg prøver å strikka opp garn eg har liggande i hyllene mine,
og der er der ikkje så lite....
Har lenge tenkt på kva eg skulle bruka nokre nøster babyalpakka/silke garn til,
som eg har hatt liggande nokre år. 
Eg veit ikkje kvifor eg kjøpte det, det er ikkje mine fargar, men det er farleg å gå innom garnbutikkane i Oltedal når det er gode tilbud!!
Nå blei det til ein enkel genser med raglanfelling.
Den skal bli gevinst på basaren vår etter påske.
Men ennå har eg nokre nøster igjen av dette, trur eg skal strikka eit sjal av resten.





onsdag 13. februar 2019

Koftestrikk

For 3 år sidan strikka eg jakke til mor. 
Jakken, som er i alpakka silke, blei litt stor, og den har reke ut og blitt enda større.
Mor har og minka litt, så ho kunne ikkje bruka jakken meir.
Då var det på tide å strikka ny til henne.
Ho fann mønster på ei kofte i eit ukeblad som ho likte.
Det var ikkje rette størrelsen i oppskrifta, så eg rekna ut og gjorde litt om. 
 Det skulle vore rundfelling, men eg strikka den rett opp og sydde i armar.
Alle kanter er doble, så det blei mykje arbeid med monteringa.
I dag sydde eg i knappane og den er endeleg ferdig!
Denne gang strikka eg den i mini-Sterk, håper den held betre på fasongen.













lørdag 19. januar 2019

Nancyjakke

Det første arbeid i 2019, ein Nancyjakke, er ferdig.
Eg var på julemesse med det handfarga garnet mitt, 
og der fekk eg ein bestilling på denne jakka strikka med garnet mitt.
Det var veldig kjekt, og spennande om eg fekk til rette farger.
Eg strikka den litt høgare bak, elles er den etter oppskrifta.
Nå er den ferdig, og eg håper mottaker blir fornøgd.
Ho skulle finna knappar til den sjølv.




*

I år er julerosa mi fin, den har blomstra sidan starten på desember.
Kjekt å ha blomster i hagen midt på vinteren!


tirsdag 1. januar 2019

Siste oppdatering for 2018

Det har vore eit år med masse handarbeid i år og.
Det meste går i strikking, då slapper eg av og nyt det!
Det har blitt heile 81 forskjellige plagg, store og små tilsaman.
Det siste eg laga i 2018 er eit par tova votter og ein hals til eit barnebarn.
Ho fekk farga ein hespel lammeull-garn for ei stund sidan,
og eg lova å strikka votter til henne. Og nå blei det både votter og hals.
Halsen strikka eg med ein tråd børsta alpakka saman med lammeullen.





*

Eg har og lært meg noko nytt dette året, eg fekk læra meg å spinna.
 Sølvi kom på besøk og var så snill å læra meg teknikken. 
Me hadde nokre kjekke dagar saman i vår.
Nokon ekspert er eg ikkje blitt, det er øving som må til.
Datter vår har gard med sauer, og i haust fekk eg ein heil fell lammeull.
Det blir litt å putla med framover med vasking og karding av ull.
Tenk, eg fekk kardemaskin til jul av maen, det var heilt uventa for meg!!
Så nå ligg alt til rette for spinning i 2019!



Mitt første sjølvspunne garn.

 *

Det blei masse fint i adventspakkane mine, 
ei heil skål full å kosa seg med framover!



Ein flott pakke fekk eg til jul av ei venninne. Det blir ikkje mykje hekling med meg, 
så det var veldig kjekt å få eit fint, hekla nett! Tusen takk, Linda!


Eg spanderte ein pakke på meg sjølv og.
Garnbutikken Fortuna er ein spennande butikk som driv med litt av kvart,
dei farger garn sjølv og. Butikken ligg på Løkken Verk, men dei har og nettbutikk.
Dei laga til ei overraskelse-presang, og eg kjøpte meg ein.
Det angrar eg ikkje på, sjå bare dei flotte fargane å garnet!
Det var og ei prosjektveske og eit mønster på eit sjal med i pakken.
Bilde blei mørkt, men fargane er nokså rette.




*

Då vil eg takka dokke som ser innom bloggen min,
det er veldig kjekt om du legg igjen nokre ord!

Ønsker deg alt godt i det nye året!





lørdag 22. desember 2018

Jakke nr 2 ++

Me har eit barnebarn som elsker alt som er mjukt,
og desse jakkane blei mjuke og lette. 
Denne har eg strikka med ein tråd tynn lammeull 
som eg har farga blå og ein tråd børsta alpakka.
Har strikka den i str. 12 år.






Eg har fått bestilling på herrevotter i det siste,
det eine paret skulle ha tomler på begge sider.
Det er første gang eg har strikka det, men det var vel vanleg før i tida.



Me har ei rund nakkepute, og på den var trekket heilt utslitt.
Eg strikka ei ny med enkelt mønster i eit bomull-merino garn.


I ei gruppe på Ravelry var det ei som arrangerte advent-byttekalender.
Me bytta gaver til dei 4 søndagane + julafta.
Av min byttevenn har eg fått fint garn + fleire kjekke ting, 
kjekt å få garn eg ikkje har prøvd før.
I morgon er det søndag og ny pakke, veldig kjekt!




*

I juletreskogen vår fekk me så koseleg besøk her ein dag.
Han sprang rundt og delte ut klementiner til barna som kom og ville hogga juletre.



*

Vil med dette ønska dokke alle ei fredfull og god jul!