tirsdag 1. januar 2019

Siste oppdatering for 2018

Det har vore eit år med masse handarbeid i år og.
Det meste går i strikking, då slapper eg av og nyt det!
Det har blitt heile 81 forskjellige plagg, store og små tilsaman.
Det siste eg laga i 2018 er eit par tova votter og ein hals til eit barnebarn.
Ho fekk farga ein hespel lammeull-garn for ei stund sidan,
og eg lova å strikka votter til henne. Og nå blei det både votter og hals.
Halsen strikka eg med ein tråd børsta alpakka saman med lammeullen.





*

Eg har og lært meg noko nytt dette året, eg fekk læra meg å spinna.
 Sølvi kom på besøk og var så snill å læra meg teknikken. 
Me hadde nokre kjekke dagar saman i vår.
Nokon ekspert er eg ikkje blitt, det er øving som må til.
Datter vår har gard med sauer, og i haust fekk eg ein heil fell lammeull.
Det blir litt å putla med framover med vasking og karding av ull.
Tenk, eg fekk kardemaskin til jul av maen, det var heilt uventa for meg!!
Så nå ligg alt til rette for spinning i 2019!



Mitt første sjølvspunne garn.

 *

Det blei masse fint i adventspakkane mine, 
ei heil skål full å kosa seg med framover!



Ein flott pakke fekk eg til jul av ei venninne. Det blir ikkje mykje hekling med meg, 
så det var veldig kjekt å få eit fint, hekla nett! Tusen takk, Linda!


Eg spanderte ein pakke på meg sjølv og.
Garnbutikken Fortuna er ein spennande butikk som driv med litt av kvart,
dei farger garn sjølv og. Butikken ligg på Løkken Verk, men dei har og nettbutikk.
Dei laga til ei overraskelse-presang, og eg kjøpte meg ein.
Det angrar eg ikkje på, sjå bare dei flotte fargane å garnet!
Det var og ei prosjektveske og eit mønster på eit sjal med i pakken.
Bilde blei mørkt, men fargane er nokså rette.




*

Då vil eg takka dokke som ser innom bloggen min,
det er veldig kjekt om du legg igjen nokre ord!

Ønsker deg alt godt i det nye året!





2 kommentarer:

  1. Godt Nyttår! Vonar du blogger i dette året og!???! Monge som gjer da opp. Eg tykjer det er kjekt å følga med på syslene dine. Alltid noko fint å sjå eller bli inspirert av. Og nå får me sjå garn som du skal spinna. Gleder meg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Linda, det bir nok blogg i år og. Bruker den som dagbok, greit å sjå tilbake om eg lurer på noko😉 Håper det blir blogg hjå deg og, dumt at så mange slutter!

      Slett