lørdag 19. januar 2019

Nancyjakke

Det første arbeid i 2019, ein Nancyjakke, er ferdig.
Eg var på julemesse med det handfarga garnet mitt, 
og der fekk eg ein bestilling på denne jakka strikka med garnet mitt.
Det var veldig kjekt, og spennande om eg fekk til rette farger.
Eg strikka den litt høgare bak, elles er den etter oppskrifta.
Nå er den ferdig, og eg håper mottaker blir fornøgd.
Ho skulle finna knappar til den sjølv.




*

I år er julerosa mi fin, den har blomstra sidan starten på desember.
Kjekt å ha blomster i hagen midt på vinteren!


4 kommentarer:

  1. Nyyydelige Nancy, i rosa! "love it" ! Og Julerosa har eg kjøpt meg til denna Jula. Eg flytter hu innomhus når det er for kaldt. Håper eg får hu til som du! Viss ikkje, kjøper eg ny!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Julerosa er planta i bedet og har klart seg i fleire år nå, den står ute heile tida. Eg prøvde med fleire før denne slo seg til.

      Slett
  2. Ja det må vera stas å kunne strikke så fin jakke av garn du og har farga. Heldige ho som kan ta denne i bruk. Julerosa di er nydelig!

    SvarSlett