tirsdag 20. mai 2014

Sinna sauer ;)

 I eit Familien-blad fann eg oppskrift på sinnasau-genseren.
Det passa supert til alpakkarestene eg held på med.
Ein genser str. 6 år i Drops Alpakka,
og ein i brunt og rosa str. 2 år i Sandnes mini-alpakka.
Eg har strikka halsen dobbel og sydd den inn på vranga.
Då ligg halsen mykje finere enn om den er enkel.







Sandnes mini-alpakka, 190 gr
Pinne 3 og 3,5

Drops alpakka, 148 gr
Pinne 3 og 3,5

Avfellinga på halsen har eg brukt ein teknikk som blir veldig elastisk.
Den er kjempebra å bruka når ein strikker sokkar fra tå til topp og.
Eg kan prøva å forklara den.

Strikk to masker, dei to maskene som du nå har på høgre pinne
strikker du vridd samen (i bakre maskeledd).
Strikk ein maske fra venstre pinnen, 
dei to maskene du har på høgre pinne strikker du vridd samen.
Slik gjentar du omgangen rundt.

Og ja, eg har ennå meir alpakkagarn liggande.
Men nå har eg tatt fram eit anna garn ;)




3 kommentarer:

  1. "Snåle" - med positiv karmøysk meining på ordet!!! Absolutt enige at dobbel hals, er finast. Eg var så heldig å få muntlig opplæring på den avfellingsmåten. Bruker av og til, men glømmer meg stadig.

    SvarSlett
  2. Fine genserar, likte spesielt godt den rosa og brune. Og den avfellingsmetoden trur eg at eg treng eit oppfriskingskurs i, sjølv om eg også fekk ei munnleg opplæring. For meg som strikkar temmelig stramt er ofte avfelling ei utfordring.

    SvarSlett
  3. Så fine gensere du har strikket :) du strikker så pent Wenche - nydelig farver også. Ønsker deg ei riktig god helg

    SvarSlett