mandag 5. mai 2014

Hønsestrikk Genser

I garnlageret mitt har det hopa seg opp med rester av diverse alpakkagarn.
Det var i mange fargar, og då passa det godt å prøva hønsestrikk.
Eg hadde ikkje oppskrift, og det straffa seg.
Tenkte først ein størrelse ca 6 år, men den førstre blei alt for liten.
Etter første mønsteret rekte eg opp og la opp på ny,
men då tok eg godt i, den er nok 7-8 år i størrelen.
Tenkte det var betre med for stor eller for liten,
gadd i alle fall ikkje rekka opp igjen!
Men eg har strikka genseren ca 1,5 gang,
ikkje alle mønster og fargekombinasjon eg blei fornøgd med.
Veit ikkje om bæresykket blei så bra heller, 
men nå blir det ikkje rekt opp fleire ganger!




Alle mønstra har eg funne i boka Høsestrikk til folket.
Dei fleste figurane var store, så eg har laga sauene og vannkannene mindre.



Div. alpakkagarn, 293 gr
pinne 3 og 3,5
Eg har ennå masse garn igjen, og eg er i gang med ein genser til.
Men det blir ikkje hønsestrikk denne gang ;)

Ha ei fin og kreativ veka :)

9 kommentarer:

  1. Så fin!
    Og så koselige motiver du har valgt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Ginko, tusen takk!
      kjekt å høyra fra deg :)

      Slett
  2. Heisan, dette var en kjempesøt genser :) så fine motiver du har satt sammen - helt skjønn! :) flink du er

    SvarSlett
  3. Likte godt genseren. Den er harmonisk i fargane. Eg er jo litt for duse og sarte pasteller,- som du veit??!

    SvarSlett
  4. Det var en herlig genser! Nydelige farger og flotte motiver :)

    SvarSlett
  5. Nydelig bærestykke, akkurat som resten av genseren! Fine fargar har du hatt på restane dine og. Eit særs vellukka prosjekt synest eg.

    SvarSlett
  6. Eg og likte bærestykket. Og for ein fart du har med pinnane for tida. Synes det dukkar opp genserar og kofter i eit bankande kjør.

    SvarSlett
  7. Tusen takk, damer. Greit å høyra at eg ikkje har bomma heilt ;)

    SvarSlett
  8. Å, så søt! Jeg skal også strikke meg en hønse-genser etter hvert, og nå samler jeg inspirasjon :-)

    SvarSlett