tirsdag 13. mai 2014

Garnhandel på Island

I helga var me på ein kjekk tur til Island.
Me var bare to dagar der, og det var fullt program.
Å få kjøpt garn var jo veldig viktig for meg,
det kjenner dokke strikkedamer sikkert til...!
Heldigvis fant eg ei lite hjørna med garn i ein butikk.
Der var det ei koseleg dama som snakka dansk, 
og ho kom med tips og anbefalinger, det liker eg!


Eg måtte prøva meg på dette lopigarnet. 
Det er ikkje tvinna, så dama sa eg måtte strikka det samen med ein tråd Einband,
det er eit tynt ullgarn,
pluss at det måtte tvinnast litt. Tru om eg får det til?



Dette var det eg kom heim med. Arezzo er ein blanding av lin, bomull og bambus.
Det er vel ikkje typisk Islandsk, men eg ville ha eit garn som ikkje var for varmt.
Då tipsa ho om Arezzo lin, det skal eg strikka ein jakke til meg av.
Elles er det nokre nøster Lettlopi, rein ull og Autumn Wind,
 bomull med litt cashmere, deileg og mjukt.


Og så fant eg knit pro sine pinnar, og der hadde dei korte pinnar til 
til å sette på kabel! Det har eg savna.
Når eg strikker på små plagg, blir ofte pinnane for lange synes eg.
Angrer i grunnen på at eg ikkje kjøpte fleire...
Men det var knapt med tid, så det gjekk med fart!



Mange flotte mønstrar på strikkeplagga.


*

Naturen på Island er veldig spesiell, øya består mest av lava.
Det var ikkje mykje som var dyrka i det området me var,
og det var lite grønt så tidleg på våren.
I det fine været me fekk var det fantastisk flott!



Thingvellir, det gamle tinghuset.

Geysiren klar for å sprute opp...

Der kom den, ca 30 meter opp i lufta!


Mektige Gullfoss!

Kjempekjekk tur!







4 kommentarer:

  1. Nydelige bilder frå Island.
    Spennande med nye garnsortar, og du er heldig og har fått med deg fleire sortar! Ikkje berre nye namn, men for meg nye blandingar av fibre. Gleder meg til å sjå det du lagar av dette garnet.

    SvarSlett
  2. Sjå her ja-- har venta på denna bloggen! Nydelig lilla/plommefarge du har valgt på garnet du må blande!!! Ellers og, fine garnbuntar du fekk med deg. Hadde blitt trasig å ikkje få handla slike souvinerer?? Kjenne meg igjen der!

    SvarSlett
  3. Fantastiske bilder frå turen. Både av natur og garn:) Veldig spent på det utvinna garnet. Både kva du skal laga og kva det blir:)

    SvarSlett
  4. Det er så fine bilder du viser oss fra Island :)
    Mye spennende garn du har fått med deg hjem!
    Arezzo'en hørtes deilig ut med sine ulike fibre :)
    Gleder meg til å se resultatet av strikkingen her ;) Du lager jo alltid så mye flott!

    SvarSlett