onsdag 6. november 2013

Garnhandel

Det har blitt litt garnhandel i det siste.
Det dukker jo opp gode tilbud både her og der, 
og då er det ikkje lett å stå imot!
Etter eit tips fra Vrangmaska blei det nokre nøster cotton merino fra Drops.
Det har eg ikkje prøvd før, kjennes mjukt og godt ut.


I helga var me på tur til Egersund der me mimra fra farna dagar.
Me har budd der for mange år sida, så det var kjekt å ta turen.
Då blei det fleire nøster med heim.
Kjøpte bomullsgarn, eg hekler noko som eg kjem tilbake til, 
og sokkegarn, eg har jo strikka ein del sokkar i det siste;)

På heimturen var me innom Gjestal spinneri sitt garnutsalg,
og der var det mange gode tilbud. 
Eg plukka med meg garn eg ikkje har prøvd før, Big Trio (tre hespler, betal for to) 
og Mirasol (20 kr hespel), det kunne eg ikkje gå fra!
Sokkergarn, Ola, til 10 kr passa meg og bra!


Me var og innom  Byrkjedalstunet, der er det lysstøyperi og kafè.
Etter ein god middag, tok me ein tur innom lysstøyperiet.
Det er det mykje fint, reine kunsten laga i stearin.



Molter
Tenk å brenna desse flotte figurane...
Eg kjøpta bare vanlege advent og julelys, så nå er det i hus.

Ferdig håndarbeid får koma i neste blogg.
Eg putler med pynting med perler i dag, ikkje favorittjobb akkurat...

Ha ein fin onsdag!





2 kommentarer:

  1. Snadder for "hu mor"- det kan eg lika å sjå på! Det big trio garnet der, såg nytt og spennandes ut!! Blir nok nokre lekre plagg ifrå deg, fram "igjønå" ?!

    SvarSlett
  2. Åh! Herlig det garnet Cotton Merino, har nettopp strikket et par skjerf av det. Er ikke antydning til kløe/prikking/kiling. Kjempemykt!

    SvarSlett