onsdag 13. november 2013

Engler daler ned i skjul...

I det siste er det heklekroken som har vore i sving.
Eg fant ei oppskrift på engler i ein blogg.
Syntes dei var så fine, og nå har eg laga 8 stk.



Eg har forenkla monteringa litt og hekla isamen mest mogleg.
Det må vera minst mogleg sying og festing av tråder hjå meg ;)
Oppskrifta finn du HER om du er interressert.

Bomull Sport, 87 gr.
Heklekrok nr 4 og 3
*

Men strikkepinnane har ikkje kvilt dei heller.
12 tova engler har eg strikka.
6 av dei laga eg litt mindre, kanskje passe til å henga på juletre?




Det er siste innspurt til julemessa nå, den er på fredag og lørdag.
Men to tre engler til blir det sikkert.
Vestlandsgarn, 317 gr
pinne nr. 5

*

I november er det ein skikkeleg bursdagsboom i familien.
Fra 4. nov til 1. des er det 5 stk som har bursdag, 
min mann, ei datter og tre barnebarn.
I helga blei det feira, da var alle samla.
Ei av jentene blei 5 år, og mora laga kake til henne.
Har aldri sett så flott kake, flink datter me har :))



Jenta blei litt overgitt over at barbiedokka hennar hadde blitt til kake,
men det ordna seg når ho fekk forklart at dokka blir like fin etterpå, he he!!

*

Ha ein fin dag!



2 kommentarer:

  1. For det første, wow, for ei kake. Så herleg at den ikkje var knallrosa!
    Og så må eg jo sei at eg likte kanongodt englane dine, så enkle og stilreine.

    SvarSlett
  2. Ble helt målløs over den kaken -virkelig et nydelig syn!!
    Skjønne engler du har heklet og strikket. Kjekt at du linket til oppskriften ;)

    SvarSlett