søndag 21. september 2014

JC lue og litt til.

I går feira me to bursdagar, ei datter og ein svigerson fyller år den 20. og 28.
Me blei buden på krabbe og rekefest, der me og fekk og smaka sushi.
Deileg mat, men held ein knapp på krabbe og reker ;)
Herlege kaker fekk me og.

Til svigersonen hadde eg strikka ei hua som blei med i pakken.
Det er mønsteret JC lue eg har brukt til denne,
strikka i Sterk fra DSA og Silja.


Måtte prøva på eit tilgjengeleg hode ;)


Mønster: Jacques Cousteau av Lalla Pohjanpalo
Garn: Sterk og Silja, 65 gr
Pinne 3,5
 *

I sommar har eg vore så heldig å vunne to ganger!
Eg som ikkje pleier å vinne, dette var kjempekjekt!
Denne pinne veska med stilige ugler på, vant eg på Tante Ull sin blogg.
Og det flotte hespe Wollmeise, vant eg på ei gruppe på Raverly
som Daisy knits alot har.





Eg er med på vottealongen til Torirot.
Nå har eg fellinga igjen på 4. nøkkel, siste nøkkel blir tommelen.
Har strikka den minste størrelsen, og det ser ut til å passe meg akkurat.
Prøver meg på å strikka begge samtidig med magic loop.
Magic loop strikker eg mykje, men liker best ein om gangen.
Tykkjer det går mykje seinare når me må 
bytta fra den eine til den andre heile tida.


Elles fester eg tråder, og fester tråder og fester....  på jakken! 
På ein arm var det 46 tråder, det blir eit par hundre tilsamen på heile jakken!!
Eg er ferdig å strikka, men har ein del striper å hekla.
Tenker det blir blogga om jakken neste gang.

Ha ein god kveld :)

torsdag 11. september 2014

Putlearbeid...

Det blir ikkje så ofta skrive blogg her for tida.
Men eg strikker jamt og trutt ;)
Nå har eg ein jakke på pinnane, eit prosjekt som vil ta tid.


For det første er det ørten tråder å festa.
Og så skal det heklast loddrette striper så det blir ruter.
Trudde først eg måtte brodere dei på, men dei skal heklast.
Det var jo veldig smart, vil gå mykje fortare,
men det er 36 striper, puuh!!

Eit par klutar har vore ferdig ei stund.
Eg har strikka dei fleste klutane Bitta Mikkelborg har lagt ut mønster til i sommar.
Den grå, Klematis, syntes eg var grei å strikka og den blei fin.
Eg la som vanleg opp fleire masker og strikka breiare midtparti.


Klematis, Bitta Mikkelborg
Garn: Pt Pandora, 34 gr

Garn: Anna og Claras fra Søstrene Grene, 47 gr
Pinne nr 3,5

*

Eg har lenge vore frista til å prøva Kauni,
og endeleg har eg skaffa meg nokre nøster.
Planen er å strikka Hverdagsjakken, men det får vente ennå ei stund.


Norsk Pelsull har eg heller ikkje prøvd, 
kjennest mjukt ut til å vera rein ull.


*

I helga var me tur til Vrådal. Der henta me masse tyttebær.
Me starta i eit nydeleg vær, 
flott å kjøra over Haukeli i strålande sol og blikk stille vatn.
Det blei ein dag med regn og, men det stoppa ikkje skogsturen vår.
Finst ikkje dårleg vær osv...




Kjempestore sopp!


Nydeleg kvit mose mellom trestammane!

*

Ja, då var det å finna fram heklekroken!
Ha ein fin dag!


lørdag 30. august 2014

Ka`ana sjal

Dette sjalet likte eg veldig godt.
Det er ikkje så bredt, så det går fint å bruka det som skjerf og.
Det var kjekt å strikka, eg liker rillestrikk, så det blir heilt sikkert fleire.
Neste gang blir det med einsfarga garn, då kjem mønsteret betre fram.
Mønsteret fant eg på Raverly, og det er gratis.



Mønster: Ka`ana
Garn, DSA tynn alpakka, 120 gr
Pinne nr. 4
Ha ei god helg :)

torsdag 21. august 2014

Armstrikk

Har lenge tenk eg skal prøva meg på armstrikk.
Eg googla det og fann ein god beskrivelse på ein blogg.
Trudde eg hadde lagt den til favoritter, men eg finn den ikkje igjen,
så dessverre har eg ikkje link til sida.

Det gjekk veldig fort å lage denne halsen, og det var morsomt.
Den blei ikkje heilt perfekt, men sikkert nokon som kan bruka den.
Eg hadde garnet Big Trio fra Svarta Fåret liggande.
Det er eit tjukt garn, 3 tråder som er laust spunne saman,
så det passa godt til armstrikking.



Det ser nesten ut som garnet er vikla rundt halsen når det er så store masker...
Veit ikkje om det blir nokon suksess, men i messekassen skal den.



Ein hals i Big delight skal og i julemessekassa.
Der la eg inn litt flettemønster.
Den kunne med fordel vore lengre så den gjekk to ganger rundt halsen,
men eg hadde bare eit nøste. 
Har sydd den vridd isamen, då ligg den finare.



Big Trio, 116 gr
Armstrikk

Big Delight, 98 gr
Pinne nr 5
*

I går var eg på Jørpeland og då fekk eg endeleg 
tak i knappar til dei to barnejakkane eg har strikka i det siste.
Det er rart kva knappar gjer med eit plagg,
eg blei godt fornøgd med resultatet.
Fleire bilder i innlegget HER og HER



*

Kva synes dokke, er det bare eg som synes det er viktig å få
mønsteret beint på einannan når knappane syes i?
Det er rett og slett vondt å sjå fine jakkar som blir heilt skeive 
når knappane er sydde feil på.
Heile arbeide blir trekt ned, tykkjer eg.
Har mange ganger hatt lyst til å be dei flytta knappane, men har ikkje våga.
Det skal så lite til for å få eit fint resultat.
Ja ja, det var dagens hjartesukk...



Ha ein fin dag folkens!



tirsdag 19. august 2014

Babyjakke og hue

Eg måtte finna på noko anna då kofta ikkje blei som forventa.
Fant eit fint mønster på babyjakke, den strikka eg i 6 mnd.
Då kan den brukast i vinter.
Har strikka den i Baby Alpakka Silk, den blei mjuk og god.
Det mangler knappar ennå, eg legg inn nytt bilde når dei er på plass.


Ja då var knappane på plass, var dei ikkje søte?
Eg forelska meg heilt i desse små bamsane, og synes dei pynter jakken.
Eg blei veldig fornøgd!




Det blei nok garn til ei hua og. Snorene laga eg med Icord strikk



Denne fargen er nesten lik, støvblå.


Oppskrift: Viking Desig 1114
Drops Baby Alpakka Silk, 136 gr
Pinne 2,5 og 3
*

I dag har eg handla garn på Fortuna.
Viss du går inn på bloggen til Tante Ull, link ligg på venstre sida her i bloggen.
Der legg ho ut ein rabattkode du kan bruka i august og få 20% på alt garn!
Det har eg nytta meg av i dag :)


Ha ei god veke, veldig kjekt dokke ser innom!
Og tusen takk til deg som tar deg tid til å legga igjen ei helsing :)


onsdag 6. august 2014

Ullbukse

Sjølv om sommaren fremdeles er varm og fin,
så merkes det når temperaturen har dalt med 10-14 gr .
Då går det an å strikka igjen, til og med med alpakkaull!
Ei bukse str 2 år har eg fått ferdig.


Linninga i livet strikka eg isamen, 
hadde sett eit tips om det ein gang, og resultatet blei fint.
Det er veldig greit å sleppa å sy!


Ekstra lengde på beina er og greit, så er det litt å veksa i.
Buksa skal passa saman med ein sinnasaugenser eg strikka.
Det blei yngste barnebarnet som fekk den, og mora bestilte buksa til.
For å matcha genseren, strikka eg striper nederst på beina og broderte ein sau.




Det var ikkje lett å få rette fargar, mørk brun og rosa.
Det er mest likt på genseren.

Sandnes mini alpakka, 167 gr
Pinne 2,5 og 3

søndag 3. august 2014

Babykofte

Ja, då står kvardagen for døra etter 4 veker ferie.
Me har hatt ein lang og herleg ferie, reist litt og resten på hytta.
Vekene går fort, og så fantastisk ferievær me har hatt i år!
Varmt har det vore, ja, så varmt at det har gått ut over strikkinga mi.
Ein dag var det 32 gr! Då går det ikkje an å strikka i ull.
Denne kofta har eg brukt nesten 4 veker på,
men nå er den endeleg ferdig. Mangler bare knappar.



Knappane er nå sydd i, og det er utruleg kor det pynter opp.
Eg falt for desse små tinnknappane, det blei prikken over ien!




Det har ikkje vore så kjekt å strikka denne.
Den blei ikkje som forventa, og måla i oppskrifta er heilt sprø!
Eller så var babyane større før, for det er ei gammal oppskrift.
Den skulle vera str. 1,5 år, men den enda opp ca 2,5 år vil eg tru.
Eg rekte opp ein gang og gadd ikkje rekka opp fleire ganger.
Fargane blei eg ikkje fornøgd med heller,
 det blei for liten kontrast mellom den lys lilla og den kvite.
Den ender nok opp på ein basar,
så får eg strikka ein ny til barselgaven eg hadde tenkt.

Div babyull, 208 gr
Pinne nr 2,5 og 3



Eit par klutar blei det strikka i varmen, 
det var lettare å ta nokre pinnar av og til på dei.
Dei er i lillafarger, men det fekk eg ikkje fram på bilde.
Det har rett og slett vore godt å ta litt ferie fra strikkinga.
Då blei det meir tid til å lesa bøker.
Mønster ZZ av Bitta Mikkelborg
Mandarin petit, 45 gr
Falsk patent,
Mandarin petit, 51 gr

På hytta har me ein drueplante, den veks ute i det fri.
I år blir det bra med druer, nå venter me bare på at dei skal bli modne.




Rosene er nydelige i år, dei liker varmen.

Satser på at strikkelysten snart er tilbake for fullt ;)