onsdag 13. november 2019

Strikk til Julemesse

Det har blitt litt til julemessa som foreninga vår er med på i år og, sjølv om eg starta seint.
Eg gjekk i garnlageret mitt og fann fram einslege nøster og garn som har ligge ei stund.
Av desse nøstene har eg strikka 9 par sokkar, 6 huer, 11 pannebånd og 2 halser.
 Eit par selbuvotter blir og med, dei blei for store til meg.
Veldig godt å få nytta noko av garnet mitt.







Desse sokkane fann eg mønster på i boka, Norske Strikkemønstre.



Har ikkje tatt bilde av alle raggsokkane, men det er 6 par til samen.

4 kommentarer: