mandag 25. november 2019

Løvlisjal

Dette sjalet har vore ferdig ei stund.
Det er eit mønster eg liker godt å strikka, liker rillestrikk og det er fint på fasong.
Garnet er tynn lammeull, ein tråd ufarga og den blågrå har eg farga sjølv.
Det blir med på messer som modell.





Tynn Lammeull, sjølvfarga
Pinne 3,75
*

Dei minste barnebarna treng nye tova votter, så då må mormor til å strikka.
4 par av Ask garn, det blir mjuke og gode votter.





1 kommentar:

  1. Berre sååå lekkert, sjal. Fine fargar i sjalet og i vottane. Slepp å frysa dei som får desse! God tid nå.

    SvarSlett