onsdag 18. juli 2018

Eldri-kofte + Dream Stripe sjal ++

Det har samla seg fleire ting eg fått ferdig den siste tida.
Hovudprosjektet har vore Eldri kofta eg har strikka til ei datter.
Det har tatt si tid. Eg har strikka og rekt opp fleire ganger. 
Første gang hadde eg strikka ferdig den nederste borda på bolen
og fann ut den var for liten. Det var bare å starta på nytt. 
Så var det ein arm eg ikkje var fornøgd med og blei nokre cm kortare.
Tredje gang hadde eg strikka 5 cm for langt til halsutringninga,
eg hadde fått feil mål og syntes den blei veldig lang, og det var den....!!
Men nå er eg endeleg i mål og håper den passer.





*

Det var så mykje garn igjen etter det siste sjalet eg strikka,
så eg fann ei gratismønster på Ravelry som heiter Draem Stripe.
Dette sjalet bei veldig fint i fasong, så det blir nok fleire.
Garnet har eg farga, det er merino og lammeull.



*

Ein liten babykjole, Bellakjole i str 6 mnd. strikka eg i alpakka silke garn, 
sååå mjukt og godt. Den skal gies bort i barselgave.




Og til slutt eit par sokker til maen i sjølvfarga garn.
Dei eg strikka til han sist, fosvant fort ut døra her ;-)



Eldri kofta, Mini-Sterk, 470 gr
Pinne 3 og 3,5
Dream Stripe Sjal, 52 gr
Pinne 3,75
Bellakjole, Alpakka Silke, 71 gr
Pinne 3
Sokker, Farga Opal, 85 gr
Pinne 3,5






3 kommentarer:

  1. Så flott kofte, håper virkelig den passer etter arbeidet du har lagt ned. Både sjal, kjole og labbar er også flotte.

    SvarSlett
  2. Førsta uttrykk eg kom på -- whow! Så fin kofte! Du er meir tolmodig enn dei fleste eg kjenner! Og dyktig! Nydeleg kjole og sjal. Ganske bortskjemd hos deg, med heimefarga garn til sokkar! ??!

    SvarSlett
  3. Så vakker jakke du har laget, så er det jo så my annet fint og lekkert også :) driftige du :) så flink...

    SvarSlett