lørdag 11. august 2018

Flora Topp og Plantefarging

Feriestrikken i år blei denne sommertoppen, Flora, i Tynn Line garn.
Eg har endeleg fått gjort den ferdig, har gått seint i varrmen.
Eg hadde sett denne toppen på ei dame og synes den var så fin på.
MEN, den blei for stor over bærestykket på meg!
Under armane er den fin, men mønsteret gjer at den bobler seg over brystet.
Nå vurderer eg om eg skal rekka opp bærestykket og fella inn til ein størrelse mindre.
Har aldri skjedd før, er heller omvendt til vanleg.
Ja ja, eg blir nok ikkje fornøgd før eg har ordna det...




*

Sist helg var eg og eit barnebarn på kurs i plantefarging av garn.
Turistforeningen arrangerte sankefestival, sanking fra naturen,
og det var diverse boder, foredrag, fisketur, turer mm.
Me fekk farga med Kochenille-lus og Reinfann, 
har alltid hatt lyst til å prøva Kochenille, så det var kjekt.
Det blei ein fin rød-rosa farge, reinfann blei gul.
Me var ute på ein scene og styrte med gryter og planter,
etterpå vaska me garnet i elva.
Maren hadde laga seg ein fin blomekrans.













4 kommentarer:

  1. Synes toppen er fin eg, som den er! Men, kjenner at følelsen av å få det bra. Blir jo ikkje brukt ellers. Du så skoy med plantefarginga! Nydelig jente med blomsterkrans! Herlig med slike sommerminner!

    SvarSlett
  2. Så koselig det må vera å gå på kurs saman med den søte jenta. Gode opplevingar saman er godt å ta med.
    Toppen er fin å sjå til, men det hjelper vel ikkje dersom den ikkje føles bra. Flittig er du i alle fall.

    SvarSlett
  3. Så fine farger det ble på garnet ditt!
    En flott genser du har strikket deg, men enig i at det bare er å rekke opp når du ikke er helt fornøyd. Ellers er faren stor for at den bare blir skapfyll... Huff og huff -det er den jo altfor fin til ;)

    SvarSlett
  4. Så nydelig garn du lager, lekre farver, du kan jo alt du. Koselig selskap har du også, ei søt jente ;)

    SvarSlett