tirsdag 13. februar 2018

Frøkengård kofte


Endeleg er denne kofta ferdig!
Det har blitt ein del tilpasninger underveis.
Har strikka den ovenfra og ned og prøvd den på etter kvart.
Eg har strikka 3 armar til samen, og bolen måtte bli lengre
så vrangborda måtte rekkast opp og strikkast nokre cm til.
Nå håper eg kofta sit som eit skudd!
Det er eldste dattera som skal ha denne, og ho valde å ha tre fargar istadenfor to.
Ho teikna inn den kvite fargen og resultatet synes eg blei bra.
Oppskrifta står i Kofteboken 2.







Knappar har me ikkje kjøpt ennå, får prøva å ta bilde etter dei er på plass.
Garnet er mini Sterk fra Du store alpakka.
Håper dette garnet er sterkare enn tynn Alpakka 
som den forrige kofta eg strikka til henne er i.
Den har ho klart å slita hol i etter 3 år!

Frøkengård kofte, Kofteboken 2
Mini Sterk, 502 gr
Pinne 3 og 3,5

*

Eg har hatt "ventestrikk" på gang og. 
Sokkar er greit å ha med i veska, det har blitt ein del ferjeturar og venterom i det siste.
Garnet er Crazy Zauberball, kjøpt i Sverige for 1,5 år sidan,
så då var det på tide å strikka det opp. Det må alltid modnast i skapet ei stund...
Det blei to par sokkar str. 33-34 til to barnebarn, endå er det garn igjen av nøste!
Ikkje to sokkar er like, det er forskjellige striper i heile nøste.




Schoppel Crazy Zauberball,  82 gr




2 kommentarer:

  1. Nydelig kofte, det kvite i mønsteret er nydelig. Blir sikkert ein favoritt når tilpassinga er god.
    Fine labbar, kjekt både å strikke og få.

    SvarSlett
  2. 3. Forsøk. Denne gong frå mobil. Kofta blei kjempeflott m/3 fargar. Stilige sokkar og. Vitnar om flittig bruk, når det verte hol?! 😉😆🌻

    SvarSlett