tirsdag 20. desember 2016

Neeiiiiii!!!

Den siste julepresangen mangla berre tommeler.
Eg fella av siste votten og det første eg ser er tabben eg har gjort!
Neeiiiiiii!!!! Ikkje er det mange dagane igjen til jul.....
Eg rekte ikkje opp igjen, men la opp til ein ny vott.
Den skal bli ferdig, eg er godt igang igjen.




Elles er det tid for å vaska og pynta huset ferdig.
Det blei litt meir stresse enn eg hadde tenkt, hastverk er lastverk!
Men kakene og gjærbaksten er i boks, julepålegget er ferdig,
så eg er godt i rute allikevel.





Ein dag var eg hos datter mi og ho lærte meg å laga nisse.
Synes dei er så fine, koseleg pynt på trappa :)







7 kommentarer:

  1. Very nok fonetikk vottar, men er irriterende når slikt skjer og så akkurat når ein føler det ikkje er tid til ekstra strikketid.
    Dei nissane er kjempefine. Heldige du som har lært å laga dei.

    Ønskjer dåke ei riktig god jul.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, og god jul til deg og dine og!

      Slett
  2. Huffdå, det er sååå typisk. Godt du er snar i snuen og kan strikka kjapt ein ny vott. Eg tutler rundt og gjere mykje "gale" og, som like bilder i blogg og glømme kjøpe julatre på handel. Men, det blir nok Jul og ser du ligger 5 hakk over mitt nivå i mat og pynt. Stilig nisse på trappa!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, og god jul til deg og dine og!
      ps. Godt det ikkje bare er eg som gjer feil, he he!!

      Slett
  3. Uff da. Jeg gjorde det samme i høst, se blogginnlegg fra 3/10. Men det er jo mye mer ergelig nå som vi ikke har tid til sånt tull.
    Flott nisse!

    SvarSlett
  4. Uff da. Jeg gjorde det samme i høst, se blogginnlegg fra 3/10. Men det er jo mye mer ergelig nå som vi ikke har tid til sånt tull.
    Flott nisse!

    SvarSlett