onsdag 7. desember 2016

Modell-strikk - Lillebjørnjakke

Eg blei spurd om eg ville strikka ein modell til ein butikk.
Det er kjekt å strikka nye mønster, så det sa eg ja til.
Du store Alpakka har kome ut med eit nytt hefte,
og der var fleire fine modeller.
Den eg har strikka heiter Lillebjørnjakke,
men eg synes den likner meir på ein hund.
Det var putle med monteringa og få det beint, håper det er ok nå. 
Det skal syast i glidelås, men det skal mottaker gjera, 
det er eg glad for, å sy på symaskin er ikkje mi greie.





Mønster, Alpakka Kids DSA42
Garn, Hexa og Fur, 300 gr
Pinne 5 og 6
*

Me er godt inn i adventstida, men eg har ikkje fått gjort 
så mykje av juleforberedelser ennå.
Men pakkane er eg ferdig med, og då er eg kome langt, synes eg!
Nå er det baking og lage julepålegg som står for tur.

Det er viktig å kose seg i denne tida og, prøver å ikkje stressa på.
Håper du og har ei fin adventstid!





1 kommentar:

  1. Artig jakke!!! Så gøy med slike nye arbeid. Ligner på en "terrier" - men, søt allikavell! Det er ei fin tid nå- eg koser meg med lys og legger stress på hylla. Tar fram støvsugar og filla når det trengs. God advent til deg og!

    SvarSlett