mandag 2. mai 2016

Grand Coquelicot Jakke - ENDELIG

Denne jakken har vore dryg å strikka!! Fleire ting har gjort at det har gått tregt. 
Garnet var ikkje det beste å strikka med, det var veldig laust spunne og hadde lett for å dela seg.
Jakken er strikka ovenfra og ned, og første forsøk fekk eg den for stor over armane.
Etter å ha rekt opp igjen og starta på ny, så løsna kabelen fra pinnen og maskene for av.
Sukk og stønn!! Eg fekk limt den på igjen og plukka opp maskene.
Då gjekk det lenge greit å strikka, men fann fort ut at eg hadde for lite garn.
Garnet hadde eg kjøpt på Island for to år sia, så det var ikkje lett å få tak i.
Eg tok kontakt med produsenten, Hjertegarn i Danmark,
og dei var så greie å senda meg dei to nøstene eg mangla.
Ikke nok med det, men eg fekk dei gratis!!
Det var ingen rekning i pakken, så eg sende ein mail å spurde kva eg skulle bestala.
Nei, det var ein liten gave fra dei, fekk eg til svar, fantastisk!!
Det blei ein overraskande flott avslutning på jakken i alle fall :)
Og eg blei godt fornøgd med resultatet.





Eg er litt i tvil om eg skal ha dei blanke knappane 
eller om eg skal gå for blå, meir anonyme knappar.
Kva synes du?


Mønster: Grand Coquelicot av Hel Et Zel
Garn: Arezzo lin, 425 gr
Pinne 3 og 3,5



2 kommentarer:

  1. Heilt alldeles flotte jakka! Imponert over tolmodet ditt! Det var skikkelig service du fikk ang. garnet! Stort pluss for slik velvilje! No kan du bruka stasjakka. Eg ville hatt dei knappane du har funne -- den gjer den prikken over i'en!

    SvarSlett
  2. Kjenner den følelsen, jeg holder på med en slik jakke som jeg vet kommer til å bli et slit...men den ble flott !

    SvarSlett