tirsdag 31. mai 2016

Zuzu's Petals - Hals

I garnlageret mitt har det ligge 2 nøster til modning
og venta på det rette prosjektet. (Ilag med mange nøster til)
Det var ei gåve eg fekk då eg hadde besøk av nokre strikkevenner.
Det er BC garn, Sarah Tweed, blanding av morbærsilke, bourettsilke og ull.
Eg har lenge tenkt på denne halsen og det var midt i blinken for dette garnet.
Halsen blei mjuk, herleg og varm.



Eg lika den så godt at det blei ein til i same slengen.
Denne halsen er i eit bomullsgarn med litt cashmere i,
så den kan eg bruka på sommaren og.
Fargen er lilla og gråmelert.



Men eg har ennå eit nøste igjen av kvar, så kva skal eg strikka av det?
Kanskje pulsvarmere, det får eg tenka på.


Mønster, Zuzu's Petals av Carina Spencer
Garn, Sarah Tweed, Bc garn, 44 gr
Garn, Autumn Wind, Lotus yarns, 46 gr
Pinne nr 4





3 kommentarer:

  1. Du strikker nydelige halser.
    Disse var lekre og de er heldige som
    får disse. Ha en fin dag.

    SvarSlett
  2. Så nydelige halsar du har strikka. Med mjukt garn og litt ope mønster kan nok dei brukast heile året.

    SvarSlett
  3. Nydelege! Du hoster opp fine mønstrar. Gøy når det blir klaff med nok garn til prosjektet- der bommar eg for da mesta!!

    SvarSlett