torsdag 14. mai 2015

Travle tider

Det blir ikkje så ofta eg blogger for tida.
Det er strikketøy som tar meir tid eg har på pinnane nå.
Teppe veks, men nå har eg begynt på eit sjal til ei venninne,
ho skal ha det i bryllupet til dattera.

Eg måtte strikka nye sokkar til svogeren min og.
Dei to para eg hadde klar, forsvant til nokon andre.
Då måtte eg setta inn turboen og det blei to nye par fra onsdag til lørdag.
Trur han likte dei, fekk i alle fall bilde av føtene hans med sokkane på :)


Robust garn, 127 gr
Ida garn, 90 gr

Elles har det vore litt av kvart på programmet i det siste.
Tenk, det eldste barnebarnet var konfirmant sist helg.
Me begynner visst å dra på åra!



Nydeleg dekka bord.
Og ein staseleg konfirmant :)


Denne veka har me besøk av yngste datter og jentene hennas.
I går hadde dattera bursdag og i dag eit barnebarn.
Snuppå var med og pynta kaka til mamma.


Så litt feiring har me hatt, men heile familien skal samlast på lørdag.
Det går som sagt slag i slag for tida.


Ønsker dokke alle ei god helg og fin 17. mai feiring!











2 kommentarer:

  1. Tenkte på deg her ein dagen, om kor da gjekk med teppet??? Men, skjønner jo det nå at med så monge hendelsar rundt deg, så må den slags kosestrikk vika. Til lykke med konfirmasjon og bursdagar i familien! Og ha ein flott 17.mai!

    SvarSlett