onsdag 27. mai 2015

Holbrook Shawl nr 2

Ei venninne skal i bryllup i sommar, og ho ønska seg eit sjal.
Ho fekk sjå mitt Holbrook sjal og likte det veldig godt.
Det passa godt til kjolen hennes og, så eg har strikka eit til henne.
Fant same garn eg hadde brukt til mitt på ein svensk nettbutikk.
Det er strikka i Merilla garn, 60% merinoull og 40% akryl.
Det er eit veldig tynt garn så sjalet blir luftig lett.



Holbrook Shawl, av Dee O'Keefe
Garn, Merilla, 44 gr
Pinne nr 3,5

Eg starta fyrst med eit anna garn, Drops Lace.
Det var alpakka i det og då blei det lønare og eit anna uttrykk.
Ho blei ikkje fornøgd med det.
Heldigvis fann eg Merilla garn til henne, håper ho blir fornøgd nå.
Men eg rekker ikkje opp det første eg la opp,
sjølv om det er kjedeleg å strikka det same ein gang til.
Greit å ha i gavekassen eller til julemessa.


Sjalet er ikkje TV strikk, så då er det greit å triva til sokkar innimellom.
Det blir aldri nok sokkar her i huset, alltid nokon som vil ha.


Ola garn, 108 gr
Robust garn, 118 gr
Pinne nr 3,5



5 kommentarer:

  1. Nyyyyydelig lekkert sjal! Du er dyktig med pinnane! Og så snill som holde dine, varme på føttene med gode "lobber"! Teppet vekse vell og litt, eller ????

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Linda! Ja, må ta nokre runder på teppe og av og til :)

      Slett
  2. Herlig sjal, ser ut til å vera nydelig mot huden. Ho vil nok få glede av dette. Du er like dyktig med sjalstrikkinga som med det andre du tryller fram.
    Gode sokkar er det alltid bruk for.

    SvarSlett
  3. Tusen takk for hyggelig kommentar på bloggen min! Det var et nydelig sjal du har strikket, strømper får man aldri nok av! Ha en fin uke!

    SvarSlett