mandag 9. februar 2015

Genseren FJELL

Eit barnebarn på 5 år har ikkje villa hatt strikkeplagg på seg.
Eg kom til å spør han om eg skulle strikka ein genser til han,
og ja, han ville ha ein lys blå med gule fjell på!
Fjell? Ja, sånne som går opp og ned, sa han.
Då måtte eg til å teikna og han forklarte, 
han visste nøyaktig kossen han ville ha det. 
Fjell på eine armen og striper på den andre.
Bærestykke har eg kome med forslag til, 
men han har godkjent alt etter kvart.
Kanskje det bur ein liten designer i han?
Det var veldig kjekt å laga denne genseren til han,
og genseren måtte jo få navnet Fjell :)
Litt stor blei den, men då kan han ha den neste vinter og.
Han var veldig kry då han fekk den med seg i går.
Den er min, sa han :)



Mønster: Fjell av Aleksander
Garn, Sisu, 306 gr
Pinne nr 2,5 og 3

4 kommentarer:

  1. Så flott samarbeidsprosjekt de gar hatt saman. Ein nydelig genser i tynt og fint garn som heilt sikkert vert brukt. Ikkje rart han var kry.

    SvarSlett
  2. Kjempegøy det må ha vore. Så flott design!

    SvarSlett
  3. Så gøy, og så flink dere er :) kjempefin genser, godt garn du bruker, og dette må jo vær et kjempekoselig minne :)

    SvarSlett
  4. Rett og slett et stilig resultat!
    Høres veldig kjekt ut å kunne samarbeide om mønsteret på denne måten :)

    SvarSlett