onsdag 31. desember 2014

Årets siste blogg - Godt nyttår!

I romjula har eg fortsatt å strikka votter.
Men desse er små og fort gjort å laga.
Småjentene våre veks og treng nye votter,
eg har strikka 4 par str. 6-9 år og et par 2-3 år.
To av para forsvant før eg fekk tova dei, 


Det er ikkje lett å få gode bilder med dårleg lys.

Garn: Ask Hifa 2, 130 gr
Pinne nr 5

*

Heilt på tampen har eg strikka dokkekler til minstejenta.
Ho fekk dokke til 2 årsdagen, og den treng kler.
Hue og sokkar får koma neste år ;)



Mønster; Strikk koselige klær til 
               dukken, av Målfrid Gausel
Garn: Gjestal Babyull, 79 gr
Pinne 2,5

*

Det er utruleg at 2014 er over, tida går frykteleg fort!
Det har vore eit fint år. Eg har kost meg med strikkepinnane,
og det har blitt laga ein del i år og.
Mest fornøgd er eg med dei tre koftene eg har strikka til døtrene mine
og jakka til meg sjølv.
Eg har ført rekneskap med garnforbruket i år og.
Det kom opp i 10.145 kg.
Det er er ganske jevnt fra år til år, ligg rundt 10 kg dei siste 3 åra.


*

Eg vil takka alle som leser skribleriene mine for i år!
Takk til dokke som legg igjen ei helsing, det er kjempekoseleg!

Då vil eg ønska dokke alle, både kjente og ukjente
(skulle gjerne visst kven du var) 
eit rektig godt og kreativt nytt år!

Nyttårsklem fra Wenche









9 kommentarer:

  1. Godt Nyttår! Håper det blir like kjekt strikkeår i år som i fjor! Liker godt å sveipe innom bloggen din. Allsidig håndarbeid - gode tips og ikkje minst at me held kontakten! Tusen takk for at du følge meg og. Setter så stor pris på det! Har du funne vottane på nettet? Eg blei spurt om eg strikka til små barn, slike-- men, finn ikkje god oppskrift. Dukkeklea er søte, forresten!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk likeså, Linda! Det er kjekt å halda kontakten, og ikkje minst å treffast av og til. Eg må alltid innom bloggen din og ;)
      Vottane er eit gratismønster som Heidi på gamle Trådsnella la ut. Eg kan senda deg ein kopi :) Godt nyttår!

      Slett
  2. Riktig godt nytt år til deg og, Wenche! får håpe vi møtest i året som kjem og - kjekke handarbeidsdamer er det alltid ein fryd å vera saman med.

    Igjen viser du fine ting frå pinnane dine, heimestrikka ullvotter er det beste for små hender. Ikkje rart dei forsvinn ut døra før du får tova dei. Og dokkeklærne må vera ein fryd å ta på dokka for ei lita dokkemamma.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Åshild og godt nytt år til deg og! Det er veldig kjekt å treffast av og til, me må prøva å få det til i år og. Er så glad for eg er blitt kjend med dokke strikkedamer :)

      Slett
  3. Flotte votter og så herlig med dukke klær! Ha et riktig Godt Nytt strikkeår!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, veldig kjekt du liker det eg lager :)

      Slett
  4. Flotte votter, du lager så masse fint du :) må hold kontakten vi også, selv om det er noen mil imellom - så er det no rart om det ikke blir bergenstur i løpet av året også ;) godt nytt år til deg

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Rigmor! Det er rart kossen me finn tonen sjølv om me ikkje har truffe kvarandre ennå. Det hadde vore kjekt om me fekk det til i år ;)

      Slett
  5. Det ble mange flotte vottepar fra deg på tampen av året!
    Gerd Fjellanger-votten med din egen vri var aldeles nydelige!
    Kjekke og gode tova-votter til barnebarna ;)
    Målfrid Gausel har kjempefine oppskrifter på dukkeklær, og med en dyktig strikkerske som deg blir resultatet helt KNALL!!

    SvarSlett