onsdag 5. november 2014

Sokkar, sokkar og sokkar

Det er sokkar som har vore på pinnane den siste tida.
Det er innspurt til julemessa og mannfolksokkar blir alltid selde.
4 par strikka i diverse raggegarn er ferdige, 
og eit par i Labbetussgarn til mindre føtter.



Ei datter har snart bursdag, og til henne har eg strikka Polyhymnia,
eit mønster i boka til Bitta Mikkelborg.
Sokkane blei først lause i lista når eg strikka mønster rundt heile leggen.
Eg rekte opp og strikka vrangbord bak, då held dei betre.






Mønster: Polyhymnia av Bitta Mikkelbrg
Ida garn, 77 gr
Pinne nr 3

Diverse Raggegarn, 412 gr
Robust garn, 132 gr
Labbetuss garn, 84 gr

Min kjære mann hadde bursdag i går, han blei 60 år.
Me hadde ei knallkjekk helg og feira med familie og venner på lørdag.
Jentene våre hadde laga kjekt program og me kosa oss ein heil haug.
Timane gjekk så altfor fort, men det er vel eit teikn på at det var vellukka.



Ha ein fin kveld!

3 kommentarer:

  1. Smart!!! Og såååå fine-- dei polyhymn.sokkane vart!! Farge spele igrunn ikkje noko rolle, når mønsteret er så lekkert. Imponert over innsatsen du gjer for messer og basarar! Gode labbar er eit must til vinteren! Nydeleg haustpynt jubilanten har fått!

    SvarSlett
  2. Åh, så flotte sokker du har laget - du e så flink, og rask! :) nydelig oppsats her også ser jeg :)

    SvarSlett
  3. For en produksjon!
    Veldig kjekke labber til julemessen!
    Og polyhymnia var rett og slett lekre!
    Takk for tips om justeringer i bråtet :)

    SvarSlett