onsdag 29. oktober 2014

Ruter - Jakke

Endeleg! Då var knappane på plass på jakken.


Det har tatt si tid med denne jakken, men nå er den ferdig.
Å strikka den var kjekt, men alle trådane som måtte festast,
ca 300, var ikkje så kjekt!
Stripene som går loddrett er hekla på etterpå, det tok og tid med 36 striper.
Eg strikka ein vrang maske som eg hekla i, 
og då la maska seg fint nedi og blei jamt med dei strikka maskene.
Kanskje eit tips å ta med seg?



Eit barnebarn blir 12 år i november og denne blir ein del av presangen.
Håper den passer og at han liker den, han er i alle fall glad i desse fargane.



Eg blei godt fornøgd med resultatet, det var verdt jobben!


Mønster: Ruter - Jakke fra Du Store Alpakka
Garn, Sterk, 470 gr
Pinne nr 3,5 og 4


3 kommentarer:

  1. Dette er ei nydelig jakke, forstår godt du er fornøyd med den. Godt å kunne avslutte arbeidet når det er så mange tråder å feste. Reknar med at han som er så heldig å få denne vert veldig fornøyd. Nydelige fargar og flott arbeid, kjekt du deler slike lure tips!

    SvarSlett
  2. Guriland, så flott den ble! Tenker barnebarnet blir godt fornøyd :)
    Og tipset med vrangmaskene til å hekle i skal jeg sannelig ta med meg!

    SvarSlett
  3. Så flott atte! Eg har dotte heilt utav blogspot. Klarer visst ikkje følge med lengre. Her låg jo fleire blogger etter sjalet. Nydelege luer til småbarn og greier. "Flittiglise" du!

    SvarSlett