tirsdag 7. oktober 2014

Mysterievott

Endeleg blei mine mysterievottar ferdige!
Det er Torirot som har hatt denne alongen.
Sist veke var eg på farten, så eg fekk ikkje strikka tommelen før i helga.
Den minste størrelsen blei perfekt til meg. 
Har strikka dei i Ask garn og på pinne 2,5.
Etter å ha strikka mykje i alpakkagarn den siste tida, 
var det stor forskjell å strikka med reint ullgarn.
Garnet var hardt, men rekner med det mjukner i vask.


Mønster, Soria Moria av Torirot
Garn, Ask, 60 gr
Pinne nr 2,5


Eg nevnte at eg hadde vore på farten.
Sist mandag reiste eg til Bergen på eit koseleg besøk hjå ei strikke-venninne.
Der var eg så heldig å få vera med på eit foredrag Beate Lindseth
hadde om vottar fra forskjellige kanter av landet. 
Det var veldig interressant å høyra ei så engasjert dame,
og ho hadde strikka utruleg mange forskjellige vottar.



Boka ho har gitt ut om julekorger fekk eg og kjøpt.
Det er imponerande kva den dama kan!



Ein tur til Hillesvåg Fabrikker fekk eg og, veldig kjekt!
Der var ei utstilling av gamle kofter, figurar laga av ull, masse garn,
ja, der koste eg meg verkeleg!
Masse garn blei med meg heim, fekk så vidt klemt det ned i kofferten.


 Flotte høstløv, sjå uttrykka i fjesa...


Kanskje me skulle laga oss slike tøfler ;)

Kom ikkje tomhendt fra Søstrene Grene heller.

 Eit nytt garn for meg som skal prøvast.

Diverse mønstrar og pinnar kjøpte eg og, snopa meg karbonzpinnar nr. 1,5. 
Har ikkje strikka med så tynne pinnar, det blir spennande!


Som dokke sikkert forstår, har eg hatt ein flott tur!
Takk til Sølvi som var så gjestfri og inviterte meg, kjempekoseleg!
Eg fekk treffa igjen fleire strikkedamer og hilsa på nye, det var sååå kjekt!
Denne turen kjem eg til å leva lenge på!














3 kommentarer:

  1. Takk for sist! Det var kjempefint å få med seg vottekvelden og helse på deg og dei andre atte! "Vestlandsklanen innen strikk og garn ;) hi hi Monge fine godbetar du har kjøpt med frå turen.

    SvarSlett
  2. Det var bare sååå hyggelige dager, Wenche :)
    Kjekt at du fikk handlet litt på turen også, og veldig kjekt å se de fine bildene dine -de ga meg en liten mimrestund ;)

    SvarSlett
  3. Så kjekt å vera saman med deg og dei andre strikkedamene. Reine vitamininnsprøytinga no når hausten har gjort sitt inntog. Så mange flotte bilder du har her i bloggen, fint garn har du og kjøpt. Noko å kosa deg med framover

    SvarSlett