søndag 28. september 2014

Sokkeblogg

Nei, det blei ikkje blogg om jakken, den har fått pause denne veka.
Det var to som har bursdager, ei i dag og ein på tysdag.
Kom på at eg ville strikka sokkar til dei, 
Først fann eg eit mønster, Vilje, i Bitta si sokkebok.
Starta på pinne 3, men då eg hadde halve foten att,
såg eg den ville bli for liten.
Med vridde masker blir ikkje sokken så elastisk.
Heldigvis hadde eg nok garn til å strikka eit par til,
så eg slapp å rekka opp.
Neste par strikka eg på pinn 3,5, og dei blei akkurat passe.




Møster: Vilje av Bitta Mikkelborg
Garn: Ola, 192 gr
Pinne 3 og 3,5

Det blå paret strikka eg i eit garn eg ikkje har prøvd før, det er veldig tynt.
Det heiter Wool Blend, trur eg kjøpte det på Stoff og Stil.
Eg brukte pinne 3, men eg kunne sikkert gått ned til 2,5,
men det blei ikkje denne gang.
Dei er i ribbestrikk med ei falsk flette i kvar side.
Strikka Bitta sin hel denne gang.
Håper bare dei er passe til mottaker.


Garn, Wool Blend, 70 gr
Pinne 3

Vottane til vottemysteriet har eg ikkje fått strikka ferdig,
dei mangler tomlane. Dei kjem om ikkje så brått ;)


*

Eg GLEDER meg til i morgon!
Då skal eg reisa på ein kjekk tur til Bergen :))
Der skal eg treffa fleire strikke-venninner, det blir sååå kjekt!!

Og jakken må nok venta ei veke til...

*

Ha ei kjekk veke dokke og :)



4 kommentarer:

  1. Elegante og fine sokkar, dei heldige får! Du må ha god tur til byen med stor B......!! Skal bli kjekt å helse på deg atte! Glede meg ein heile haug!

    SvarSlett
  2. Så nydelige sokker du har strikket, både de hvite og de blå!
    Ønsker deg god tur til Bergen! Gleder meg :)

    SvarSlett
  3. Nydelige sokkar! Kjekt å kunne pynte "undersåttane" litt og

    SvarSlett
  4. Flotte sokker, ha en riktig god tur, Happy Knitting!

    SvarSlett