søndag 21. september 2014

JC lue og litt til.

I går feira me to bursdagar, ei datter og ein svigerson fyller år den 20. og 28.
Me blei buden på krabbe og rekefest, der me og fekk og smaka sushi.
Deileg mat, men held ein knapp på krabbe og reker ;)
Herlege kaker fekk me og.

Til svigersonen hadde eg strikka ei hua som blei med i pakken.
Det er mønsteret JC lue eg har brukt til denne,
strikka i Sterk fra DSA og Silja.


Måtte prøva på eit tilgjengeleg hode ;)


Mønster: Jacques Cousteau av Lalla Pohjanpalo
Garn: Sterk og Silja, 65 gr
Pinne 3,5
 *

I sommar har eg vore så heldig å vunne to ganger!
Eg som ikkje pleier å vinne, dette var kjempekjekt!
Denne pinne veska med stilige ugler på, vant eg på Tante Ull sin blogg.
Og det flotte hespe Wollmeise, vant eg på ei gruppe på Raverly
som Daisy knits alot har.





Eg er med på vottealongen til Torirot.
Nå har eg fellinga igjen på 4. nøkkel, siste nøkkel blir tommelen.
Har strikka den minste størrelsen, og det ser ut til å passe meg akkurat.
Prøver meg på å strikka begge samtidig med magic loop.
Magic loop strikker eg mykje, men liker best ein om gangen.
Tykkjer det går mykje seinare når me må 
bytta fra den eine til den andre heile tida.


Elles fester eg tråder, og fester tråder og fester....  på jakken! 
På ein arm var det 46 tråder, det blir eit par hundre tilsamen på heile jakken!!
Eg er ferdig å strikka, men har ein del striper å hekla.
Tenker det blir blogga om jakken neste gang.

Ha ein god kveld :)

4 kommentarer:

  1. Tillykka med fine gevinstar! Sånt er så kjekt! Unner deg gleda! Flott lue og flotte vottar som veks frem. Eg fant ut på Karmøyjakka mi, at når trådskifta kom i "klippejaren", så slapp eg feste trådar. Skulle jo zikka over dei. Eg skyfla dei først til eine sida, og så til andre.

    SvarSlett
  2. Gratulerer med fine gevinster!
    JC-luen er veldig fin. Liker så godt fasongen... :)
    Vottene dine ser ut til å bli knallstilige. Jeg gleder meg til å se de helt ferdig!

    SvarSlett
  3. Koselig blogg å lesa, Wenche! Heldig svigerson som fek god hue no når hausten gjer sitt inntog!
    Vottealongen er eg og med på, men akkurat no heng eg litt etter. Strikkar begge vottane samstundes, men magic loop synest eg er best å bruka når eg strikkar med ein farge.
    Kjekt med gevinstar, Twin er eit supert sokkegarn som og er fint til andre ting. Er litt svak for det garnet eg.

    SvarSlett
  4. Grattis, ser lekkert ut det Wollmeise der :) koselig blogg Wenche, og den luen ser jo bare kjempegod ut, nysgjerrig på vottene dine, fine farver du kombinerer :) Riktig god helg til deg

    SvarSlett