mandag 20. juli 2015

Nordfjord Kofte

Då kjem det eit livsteikn fra meg, det er ikkje ofta nå for tida.
Det er midt i ferien og i to veker har me vore litt på reis og litt på hytta.
I morgon er planen å ta ein tur med den nye campingvogna vår.
Det er fleire år sidan me reiste på campingtur,
men me reiste kvart år før me kjøpte hytta.

*

Strikkepinnane har ikkje hatt ferie.
Eg har fått ferdig den første julepresangen, ei kofte til far min.
Det er Nordfjord kofta og mønsteret fant eg i boka, Kofteboken.


Eg har strikka den i DSA Sterk i fargane mellomgrå og offwhite.
Garnet er veldig godt å strikka med og det er mjukt og godt.
Det blir ei varm kofte. Far er frosen av seg, håper han held varmen i denne.
Garnet er nylonforsterka, så det er godt til sokker og.

                       
                     
Tenkte desse knappane passer til ein mann som alltid har
likt friluftsliv og jakt.
Håper han liker denne kofta!



*

Takk til alle som kikker innom her,
og ha ein fortsatt god sommar!

Mønster, Nordfjord Kofte
Garn, DSA Sterk, 700 gr
Pinne 3 og 3,5





søndag 28. juni 2015

Ein liten oppdatering

Det er ikkje mykje som skjer her på bloggen min for tida.
Grunnen er at eg held på med to store arbeid,
det går ei tid før eg blir ferdig.
Har ikkje hatt den store strikkedilla heller,
men det går sakte men sikkert rette vegen.

Det eg strikker mest på nå, er ei kofte til min far.
Han skal få den til jul, så det er god tid.
Men eg har planar om fleire julepresangar, 
så det er greit å starta i god tid.


Teppe mitt veks litt det og, eg slapper av med rillestrikk.
Det er ca 1,5 meter langt, eg har ein halvmeter igjen.


I dag hadde me ein fin kjøretur til preikstolhytta saman 
med foreldrene mine og ei tante.
Der kjøpte me oss god middag.
Det er nydeleg der oppe og det blei varmt og fint, 
18 gr, sjølv om sola ikkje var framme.
Det er ikkje ofta me har sett den tempen i sommar!
Tok eit bilde av utsikten over vatnet og den gamle turisthytta.







onsdag 10. juni 2015

Holbrook nr 3

Det er ikkje så spennande blogg dette, den er nesten lik den forrige.
Ikkje har det vore spennande å strikka dette sjalet heller,
kan trygt sei at det blir ei stund til neste gang eg strikker Holbrook.
Eg starta på dette med tanke på venninna mi,
men ho ville ha det same garnet eg hadde brukt i mitt sjal.
Eg var komen så langt på det at eg rekte det ikkje opp,
og eg veit det er ei som er interessert i å kjøpa det.
Problemet er kva eg kan ta for det, 
det er veldig vanskeleg med pris på handarbeid.
Er det nokon som har eit forslag?


Har strikka dette i Drops lace som er baby alpakka og mulberry silke.
Det andre er i merinoull og akryl.




Her er dei begge to og begge er offwhite.
Godt å vera ferdig!
Holbrook Shawl
Garn, Drops Lace, 60 gr
Pinne nr 3,5

*

Teppe veks sakte det og, er greit å strikka rillestrikk til TV.
Det har ikkje vore problem med varmen heller,
det går veldig greit å strikka i ull om det snart er midtsommar.
Triste greier med været, har nettopp fått planta sommarplantene ut,
får tru det er slutt på frost og haglbyger nå.




Tusen takk for koselege kommentarer!







onsdag 27. mai 2015

Holbrook Shawl nr 2

Ei venninne skal i bryllup i sommar, og ho ønska seg eit sjal.
Ho fekk sjå mitt Holbrook sjal og likte det veldig godt.
Det passa godt til kjolen hennes og, så eg har strikka eit til henne.
Fant same garn eg hadde brukt til mitt på ein svensk nettbutikk.
Det er strikka i Merilla garn, 60% merinoull og 40% akryl.
Det er eit veldig tynt garn så sjalet blir luftig lett.



Holbrook Shawl, av Dee O'Keefe
Garn, Merilla, 44 gr
Pinne nr 3,5

Eg starta fyrst med eit anna garn, Drops Lace.
Det var alpakka i det og då blei det lønare og eit anna uttrykk.
Ho blei ikkje fornøgd med det.
Heldigvis fann eg Merilla garn til henne, håper ho blir fornøgd nå.
Men eg rekker ikkje opp det første eg la opp,
sjølv om det er kjedeleg å strikka det same ein gang til.
Greit å ha i gavekassen eller til julemessa.


Sjalet er ikkje TV strikk, så då er det greit å triva til sokkar innimellom.
Det blir aldri nok sokkar her i huset, alltid nokon som vil ha.


Ola garn, 108 gr
Robust garn, 118 gr
Pinne nr 3,5



torsdag 14. mai 2015

Travle tider

Det blir ikkje så ofta eg blogger for tida.
Det er strikketøy som tar meir tid eg har på pinnane nå.
Teppe veks, men nå har eg begynt på eit sjal til ei venninne,
ho skal ha det i bryllupet til dattera.

Eg måtte strikka nye sokkar til svogeren min og.
Dei to para eg hadde klar, forsvant til nokon andre.
Då måtte eg setta inn turboen og det blei to nye par fra onsdag til lørdag.
Trur han likte dei, fekk i alle fall bilde av føtene hans med sokkane på :)


Robust garn, 127 gr
Ida garn, 90 gr

Elles har det vore litt av kvart på programmet i det siste.
Tenk, det eldste barnebarnet var konfirmant sist helg.
Me begynner visst å dra på åra!



Nydeleg dekka bord.
Og ein staseleg konfirmant :)


Denne veka har me besøk av yngste datter og jentene hennas.
I går hadde dattera bursdag og i dag eit barnebarn.
Snuppå var med og pynta kaka til mamma.


Så litt feiring har me hatt, men heile familien skal samlast på lørdag.
Det går som sagt slag i slag for tida.


Ønsker dokke alle ei god helg og fin 17. mai feiring!











søndag 26. april 2015

Snøfnugg sokker

Sokkane eg har strikka passer godt til været i dag.
Det er kome snø i natt, er surt og grått.
Så navnet Snøfnugg passer fint.
Mønsteret kjøpte eg på Hillesvåg Fabrikker i høst.
Sokkane er gode på foten.



Mønster, Snøfnugg fra Hifa
Garn, Sterk og Hifa Fjell, 97gr

*

Sist helg hadde eg koseleg besøk av to strikkedamer, Linda og Sølvi.
Me hadde ein kjekk tur til Gjestal sitt utsalg,
til Lafthuset som selger vikinggarn og til Byrkjedalstunet
der dei lager håndstøypte stearinlys.
Me hadde ein flott tur i eit nydeleg vær og koste oss veldig.
Resten av helga blei via til strikketøyet.
Det er så kjekt å vera saman med folk som deler same interressa
for garn og strikketøy! Håper me snart kan treffast igjen.

Dessverre streika telefonen min og 
mannen hadde reist på tur med kamera, så eg har ikkje bilder å visa fram fra helga.
Linda har bilder på bloggen sin, der kan du innom hvis du er interrssert.
Linken til bloggen hennes, Strikkekroken min, ligg til venstre her under blogger eg følger.
Men eg kan visa alt det fine damene kom med til meg.



Eg kom ikkje tomhendt fra turen vår heller ;)
Endeleg fekk eg kjøpt kofteboken eg har ønska meg,
og røverkjøp av billig garn!



Sist helg starta eg på eit større prosjekt som eg har tenkt lenge på.
Eit teppe til hytta er endeleg på pinnane, eit stripeteppe i fleire fargar.
Det er bare riller, enkelt TV-strikk, og garnet er Hifa Ask.




Ser det er fleire i det siste som har skrive ei helsing her på bloggen,
det er veldig kjekt, tusen takk! Og velkommen til nye følgere :)

Ha ein fin søndag!








onsdag 15. april 2015

Pixielue og votter

Eg fekk ein bestilling på hua og votter til ei lita frøken.
Pixielua er veldig god på hode og held både øyrene og halsen varme.
Og dokke veit eg er tilhengar av tova votter.
Har strikka nokre par av desse etter kvart.
Veldig kjekt når nokon ønsker seg det eg lager!
Har strikka desse i str. ca 3 år.



Uff, eit bilde er for mørkt og eit er for lyst,
men mobilen min jukser for tida, så det får bli slik...

Pixielue av Trude, i bloggen Tante T
Garn, Sandnes Perfekt, 66 gr
Pinne 3,5
Votter, Ask garn, 18 gr
Pinne 5