lørdag 19. september 2020

Midtsommersjal

 Samstrikk frister når det skal strikkas plagg eg har på lista mi.
Midtsommersjalet av Gro Tveitstøl synes eg er så fint,
så samstrikk blei det igjen.
Garnet er merino, eit spettete som eg har farga og det mørke er fra Nøstebarn.
Blei godt fornøgd med den farge-komboen.
Midtpartiet er i 4 deler i oppskrifta, 
men sjølv om eg bare har 2, blei det i største laget for meg.
Men sjalet er fint og det blir modell for det handfarga garnet mitt.




*

På bilturer i sommer har eg strikka kluter i bilen.
Når det er enkel rillestrikk, går det fint å strikka mens me kjører.
Eg bruker bare strikka kluter på kjøkken, det liker jentene mine og
så det blir aldr for mange!


*

Me var ein tur i Telemark og henta tyttebær i år og
Har aldri opplevd så masse store, flotte bær før, så det blei fort fulle bøtter!
Då er det kjekt å vera på bærtur!


Tyttebæra veks til og med på stubber, naturen er flott!










mandag 24. august 2020

Afternoon in Lisbon Top

 I fleire år har eg hatt eit Viking Milk & Honey garn liggande. Det er blanding av bomull og melkefiber.
Eg tok det fram og fann ei oppskrift som passa perfekt til garnet, Afternoon in Lisbon, av Lisa Hannes.
Det var ei enkel og annerleis mønster, kjekk å strikka.
Det einaste eg gjorde som ikkje stod i mønsteret, var at eg strikka den høgare bak i nakken.
Denne toppen blei eg veldig fornøgd med, den blei fin på størrelsen 
og den er så mjuk og deilig å ha på. Det blir ein favoritt!



*
Eg kjøpte ei Flittig Lise i vår, og den har vore veldig flittig i sommar.



mandag 3. august 2020

Barnegenser - Halser - Sokker

I fleire år har eg hatt nokre nøster Elise garn liggande.
Eg prøver å bruka mest mogleg av garnlageret mitt, og nå fann eg fram Elise nøstene.
Etter oppskrifta på Sinnasaugenseren, la eg opp til ca 5 år.
Garnet er fleirfarga, så eg strikka den bare i glattstrikk uten mønster.
Kanskje den kan bli barnehage-genser til barnebarnet.
Viss ikkje går den i basar/gavekassen.
Men eg har ennå meir garn igjen, det blir nok kluter.




I sokkesamstrikken til Brit Strikkenerd skulle det strikkas Thuja-sokker i juli.
Dei var enkle og fine, så eg strikka eit par til mannen min.Han sliter ikkje hælen bak, men under hælen.
Så eg droppa forsterka hæl og strikka mønster heilt ned på hælkappa,
og strikka heller ein forsterkningstråd med i fellinga under.



Halsen, The Shift, likte eg veldig godt, kjekk å strikka og 
det var greit å få brukt enkle nøster som berre ligg der. Det er blitt 3 stk nå.
Denne er strikka i eit nøste Fantasy fra Sandnes og eit nøste Myflower 1 Class.
Begge skifter i fargane, og då blir det fine striper.



Og denne er strikka i Sandnes mini-Palett og Hot Socks fra Sockenwolle.



Den første eg strikka har eg blogga om før, men eg viser den her og.
Denne blir min og dei andre to går i basar/gavekassa.


To par tynne sokker har det og blitt i sommar.
Eit par i Opal Classics garn og eit par i Rauma Magi.






søndag 26. juli 2020

Babysett sengmat

Lillegulls Babydress heiter denne dressen, synes den er enkel og fin. Eg liker at den er strikka ovenfra og ned, då er det ingen montering. Garnet er KlompLompe sitt merino. Nevøen min har fått ei lita jente, så då må tante strikka til henne. Det er koseleg med babyklær. 
I dag skal me få hilsa på jenta for første gang, ho er bare 2 veker gammel.



Dressen vil nok passa jenta i vinter, så då er det kjekt med hua, votter og sokker til. Denne hua er fra eit gammalt hefte, den er god på fasong, så eg har strikka mange av den. Eg har brukt tynn Merino på desse.


søndag 19. juli 2020

Aggregate Sjal

Samstrikk er kjekt, å strikka sjal liker eg veldig godt, og når eg kan kombinera det, koser eg meg!
Aggregate sjalet var kjekt å strikka, fasongen er super og det er eit spesielt mønster som eg falt for. Eg har brukt merinogarn som eg har farga sjølv. Det var enkel rillestrikk, så det blei strikka på bilturen vår. Blei godt fornøgd, det blir heilt sikkert fleire.





mandag 22. juni 2020

Damejakka Loppa

Dei siste to åra har eg prøvd meg på å spinna på ein gammal rokk eg fekk.
Ei venninne var så snill å kom og lærde meg teknikken,
Og så var det å øva seg. Det har ikkje gått så fort med meg, men det går betre etter kvart.
Eg var så heldig som fekk ull fra sauene til datter vår.
Ulla har eg vaska, farga og spunne, det er veldig kjekt å gjera heile prosessen sjølv.
Eg har lurt på kva eg skulle strikka av garnet mitt.
Hadde lyst til å laga eit plagg eg kunne bruka.
Då det skulle vera samstrikk av Damejakka Loppa, tok eg sjansen og melde meg på.
Garnet er langt fra perfekt, noko er veldig ujevnt i tjukkelse.
Men det blei betre enn forventa, eg er veldig fornøgd med resultatet.
Bunnfargen har eg ikkje spunne, det er Ask fra Hillesvåg, men eg har farga det.






Men eg har strikka jakken ca 1,5 gang!
Først blei bærestykket for stort, så det var bare å rekka opp.
Maen var så snill å hjelpa meg, var mange tråder å halda styr på.
Så strikka eg nytt bærestykke og delte på ny for armane og stikka i veg.
Men eg var ikkje fornøgd med inndelinga og rekte opp det gråe til mønsteret.
Tredje gangen blei det bra og bolen blei passe. 
Eg måtte beint fram rekka opp ein halv arm og, det er ikkje rart det tar tid å bli ferdig!!


 Men nå er eg fornøgd, den sit som eit skudd!
Eg har ikkje fått kjøpt knappar ennå, håper eg finn nokon fine.












fredag 29. mai 2020

Harlekinsjal - The Shift Hals + +

Det er på tide med ein oppdatering, lenge sidan sist!
Eg liker å sjå på strikke-podcast på youtube, og der er det mange samstrikk.
Det er veldig kjekt å vera med, strikker det same plagget samen med mange andre.
Harlekinsjalet, av Gro Tveitstøl, er eit nydeleg sjal med mange muligheiter
av fargekombinasjoner og striper. Fasongen er og min favoritt.
Garnet er Heritage Sockyarn, det blei for lite så eg farga ein hespe og fekk den ganske lik.
Dei spettete er Hegdehog Skinny Singles og Fortuna Merino Silk.
Det blir  heilt sikkert fleire av dette!

Det er ikkje for seint å hiva seg med på samstrikken om du er interessert.
Du finn den på podcastgruppa på Ravelry, Bare en maske til.
Anbefaler podcasten deira på Youtube og.




Innimellom samstikkane blir det småstrikk.
Desse pulsvantene, Cloudburst av Arienne Grey, likte eg godt.
Strikka dei av ein rest etter sjalet, Fortuna sitt handfarga Merinogarn.
Mønsterane finnes på Ravelry.


Og sokkar blir det aldri for mange av!


Denne halsen var og ein samstrikk, den er ferdig nå.
Halsen heiter The Shift, av Andrea Mowry
Strikka med ein tråd Nordlys og ein tråd Sandnes mini-Palett 
som eg har hatt liggande i mange år.
Halsen var veldig kjekk og strikka, har lagt opp til ein til!





Og eg fortsetter med samstrikk!
Damejakka Loppa har eg tenkt på i mange år, og nå passa det å vera med å strikka den.
Eg har spunne litt garn i det siste og har lurt på kva eg skulle bruka det til.
I denne jakka er det fleire farger i mønsteret på bærestykket, det passa perfekt!
Sjøl om garnet eg har spunne ikkje er så jevnt, tok eg sjansen på å bruka det 
samen med Ask, som eg farga til hovudfargen.
Eg har fått ull av datter vår, den har eg karda og farga før eg spann.
Det er podcasten, Ting jeg trenger, som har samstrikken og den varer heile sommaren,
så hiv deg på!



Ønsker alle ei god Pinsehelg!