tirsdag 13. februar 2018

Frøkengård kofte


Endeleg er denne kofta ferdig!
Det har blitt ein del tilpasninger underveis.
Har strikka den ovenfra og ned og prøvd den på etter kvart.
Eg har strikka 3 armar til samen, og bolen måtte bli lengre
så vrangborda måtte rekkast opp og strikkast nokre cm til.
Nå håper eg kofta sit som eit skudd!
Det er eldste dattera som skal ha denne, og ho valde å ha tre fargar istadenfor to.
Ho teikna inn den kvite fargen og resultatet synes eg blei bra.
Oppskrifta står i Kofteboken 2.







Knappar har me ikkje kjøpt ennå, får prøva å ta bilde etter dei er på plass.
Garnet er mini Sterk fra Du store alpakka.
Håper dette garnet er sterkare enn tynn Alpakka 
som den forrige kofta eg strikka til henne er i.
Den har ho klart å slita hol i etter 3 år!

Frøkengård kofte, Kofteboken 2
Mini Sterk, 502 gr
Pinne 3 og 3,5

*

Eg har hatt "ventestrikk" på gang og. 
Sokkar er greit å ha med i veska, det har blitt ein del ferjeturar og venterom i det siste.
Garnet er Crazy Zauberball, kjøpt i Sverige for 1,5 år sidan,
så då var det på tide å strikka det opp. Det må alltid modnast i skapet ei stund...
Det blei to par sokkar str. 33-34 til to barnebarn, endå er det garn igjen av nøste!
Ikkje to sokkar er like, det er forskjellige striper i heile nøste.




Schoppel Crazy Zauberball,  82 gr




lørdag 20. januar 2018

Snowmelt Shawl

Som dokke sikkert forstår, liker eg å strikka sjal.
Eg har hatt liggande fint garn som eg har snopa med meg
 som souvernir når me er ute og reiser.
Fekk lyst til å bruka nokre av dei til eit fint sjal, og eg hadde 
ein hespel Malabrigo og eit Hegdehog Fibres som eg kjøpte på Fortuna på Løkken Verk
då me var nordover for 1,5 år sidan. Garnet må som regel ligga og modnast litt før bruk...
Snowmelt sjalet har stått på lista mi lenge, men eg mangla ein farge, 
så då farga eg ein mellomgrå som gjekk godt  til. 
Malabrigogarnet er i lilla, grønn og gråtoner og Hedgehog garnet er lys grå.
Eg ville ikkje ha det så veldig stort då eg bruker sjal som skjerf, 
så eg korta litt inn på eit par mønsterrapporter.
Blei godt fornøgd med resultatet, dette sjalet blir ein favoritt!




Snowmelt Shawl, av Helen Stewart
Hedgehog Fibres, crystal
Malabrigo sock
Lammeull, sjølvfarga, 166 gr
Pinne 3,5



onsdag 3. januar 2018

Frozen Mystery Shawl

Frozen sjalet er eit mysteriestrikk i ei gruppe på Ravelry,
og der har eg deltatt. Det kom ut i fire deler i adventstida og det har vore julestrikket mitt.
Eg har brukt grått lammeull som eg har farga og Heritage Wave i stripene.
Blei godt fornøgd med resultatet der stripene er gradert fra lyst til mørkt.
Frozen er designa av Lill-Iren Olaisen,  Nordic Stiches på Ravelry og 
har ein podcast med same navn.
Ho er ei ung, norsk dame, bur nord i landet og prater om livet der nord 
og om strikking, det er kjekt å følga henne, anbefales!




Frozen Sjal, Nordic Stiches
Lammeull og Heritage, 148 gr
Pinne 3,5
*

Ja, då var me godt i gang med 2018, utruleg så fort eit år går!
Eg har rekna samen kor mange kg garn eg har strikka i 2017.
Har strikka mykje i tynt og lett garn og det er noko mindre på vekta enn åra før, 
7,830 kg.
Det er i alle fall blitt 75 plagg til samen med smått og stort.


Så får me håpa at 2018 blir eit produktiv, innhaldsrikt og godt år for oss alle.
Godt Nytt År!





fredag 22. desember 2017

Nancy til Baby

I det siste har det gått i babyklær. Ein nevø er blitt pappa til ei gutt,
og eg fekk lyst til å strikka kofte til han. 
Garnet er tynn lammeull som eg har farga, det er kjekt å prøva det ut.
Eg blei så fornøgd med resultatet at det blei ei kofte til barnebarnet på 1 år og.
Kvar si buksa har eg og strikka, dei er i dobbel tråd.
Det eine settet er i str 9-12 mnd, det andre i ca 2 år.
Eg blei ferdig i siste liten til jul, men nå er det pakka inn og klart.








To par nye votter og, dei andre var for små.
Dei er strikka i dobbel tynn lammeull i same turkisfargane som er i kofta.


Nancy til Baby
Lammeull, 357 gr
Votter, 33 gr

*

Nå er det jul i stova her. I morgon kjem yngste datter med fam.
og me skal feira samen med heile familien, 21 stk.
 Kjekt å vera i lag alle, det blir koseleg.


Ønsker deg som ser innom her ei rektig god julehelg!







lørdag 9. desember 2017

Småplukk

Det er ikkje ofta det blir blogg for tida,
det er travle tider med juleforberedelser og julemesser.
Messene er heldigvis over for denne gang, så nå er det fokus på jul.
Denne veka har eg baka meg ferdig med både gjærbakst og småkaker.
Det blir ikkje 7 sorter her i huset, men litt må me ha.
Kakene er i grunnen best nå i adventstida.
I dag har eg laga godt julepålegg som er fast tradisjon hjå oss.
Sylteflesk (sylterull) må me ha og oksetunga er og kokt.
Nå mangler eg bare kjøttrullen.



*

På handarbeidsfronten går det i babystrikk.
Eg har strikka votter til barnebarna, og prøvd å strikka i lammeull som eg har farga.
Tre par til ein eittåring strikka eg i dobbel tynn lammeull og dei tova akkurat passe.
Så laga eg to par i str. 6-9 år i tjukkare lammeull, men dei tova så mykje meir
at dei blei passe til 1-åringen dei og! Merkeleg, eg vaska dei på same programmet.



Det var nok av det gule garnet til ei hua og, ennå er det eit lite nøste igjen av 100 gr,
 lammeull er eit veldig drygt garn og det blir lette, mjuke plagg.



Tova votter, 83 gr
Hua, 40 gr



Eg har ferdig nokre plagg til, men det mangler knappar så det får vente til neste blogg.


Ønsker dokke alle ei fortsatt god adventstid!




tirsdag 21. november 2017

Hals, Hua og Pulsvanter

Det er spennande å sjå korleis dei forskjellige 
fargeteknikker blir når det strikkes opp.
Halsen, Zuzu`s Petals, er strikka av garn som er farga 
med knute på hespelen og i fleire fargebad.
Hua er ein kombinasjon med det garnet og eit einsfaga garn, strikka i dobbel tråd.
Hua heiter Lue i en fei.
Dei to para med pulsvarmere er eit av kvar teknikk.
Garnet er eit herleg og lett lammeull, mjukt og godt.
Fargen er burgunderrød, ikkje lett å få rett farge på bilder.






Det blir spennande om det er nokon interresse for det farga garnet mitt på julemessa.
Kanskje eg må strikka opp alt sjølv..., då har eg jobb ei stund!!
Ja ja, det får eg veta i helga...



Den første julemessa er over og det blei eit flott resultat der.
Mitt siste bidrag der var 4 par herresokker til.



Sjølvfarga Lammeull, 190 gr
Sokkegarn, 514 gr




onsdag 8. november 2017

Mousseux Sjal

Prøvestrikking av garnet mitt fortsetter.
Sjalet er enkelt med rillestrikk og ei holmønster på kanten,
synes det er finast med lite mønster når garnet er fleirfarga.
Det er ikkje så stort, passe å bruka som skjerf.
Dette garnet er eg godt fornøgd med, det er tynn lammeull i blå og grønfarger.




Mousseux Sjal, 
Tynn Lammeull, 52 gr
Pinne 4
*

3 par herresokker går i julemessekassen.



Sportsragg, 418 gr