Ullklær under dressen er et must på kalde vinterdagar.
Det er langt fra vintertemp me har nå,
er så herleg med 20-25 gr. dag etter dag i september!
Men det kan brått komma kaldt vær og då er det greit å ha ullklærne klar.
Snuppå vår på snart 7 år hadde vakse fra ullsettet sitt,
og eg fekk ein pose Sterk garn med ønske om jakken Gro og Hjertebukse.
Nå er det endeleg klart.
Jakken var ferdig for ei stund sidan og jenta prøvde den på,
men armane var akkurat passe. Det må vera litt å voksa på,
så eg klyppa av lista og strikka dei lengre.
Tredde rundpinnen i før eg klyppa, litt nifst, men det gjekk godt.
Monteringa gjekk greit og dei fine perlemorknappane blei prikken over ien.
Buksa har ei bord langs sida, hjerter strikka med vrange masker.
Her er fargane best.
Mønster fra Klompelompe boka
Sterk garn, jakken Gro, 317 gr
Hjertebukse, 240 gr
Pinne 3 og 3,5
*
Eg har lyst til å visa dokke denne jakken som mor har strikka
til eit nytt oldebarn som snart kjem. Mor er 80 år, synes det er godt gjort.
Eg har bare sydd i knappane for henne.
Ha ei god helg! Håper dokke har like fint vær som det er her,
20 gr. og sol!