mandag 3. august 2020

Barnegenser - Halser - Sokker

I fleire år har eg hatt nokre nøster Elise garn liggande.
Eg prøver å bruka mest mogleg av garnlageret mitt, og nå fann eg fram Elise nøstene.
Etter oppskrifta på Sinnasaugenseren, la eg opp til ca 5 år.
Garnet er fleirfarga, så eg strikka den bare i glattstrikk uten mønster.
Kanskje den kan bli barnehage-genser til barnebarnet.
Viss ikkje går den i basar/gavekassen.
Men eg har ennå meir garn igjen, det blir nok kluter.




I sokkesamstrikken til Brit Strikkenerd skulle det strikkas Thuja-sokker i juli.
Dei var enkle og fine, så eg strikka eit par til mannen min.Han sliter ikkje hælen bak, men under hælen.
Så eg droppa forsterka hæl og strikka mønster heilt ned på hælkappa,
og strikka heller ein forsterkningstråd med i fellinga under.



Halsen, The Shift, likte eg veldig godt, kjekk å strikka og 
det var greit å få brukt enkle nøster som berre ligg der. Det er blitt 3 stk nå.
Denne er strikka i eit nøste Fantasy fra Sandnes og eit nøste Myflower 1 Class.
Begge skifter i fargane, og då blir det fine striper.



Og denne er strikka i Sandnes mini-Palett og Hot Socks fra Sockenwolle.



Den første eg strikka har eg blogga om før, men eg viser den her og.
Denne blir min og dei andre to går i basar/gavekassa.


To par tynne sokker har det og blitt i sommar.
Eit par i Opal Classics garn og eit par i Rauma Magi.






5 kommentarer:

  1. Tryller fram dei lekraste bruksplagg, du!! The shift, må eg testa ut... takk for tips!!

    SvarSlett
  2. Som du strikker da ;) de lekreste ting, så kjekt og fint alt sammen, disse halsene var knallfine! Barnegenser og strømper - blir helt stum jeg, har du turbo på pinnene? ;D fortsatt god sommer, koselig å titte innom

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for fine ord, Rigmor! Putler på litt kvar dag om ikkje så fort. Fortsatt god sommar i Trøndelag og🌞

      Slett
  3. Flott ... du strikket mye der. Jeg liker spesielt godt halsen ... ullen skaper et fantastisk mønster.
    Hilsen deg. Dra nytte av resten av sommeren.
    Glad tid for deg. Viola

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! The Shift er veldig kjekke å strikka😀

      Slett