tirsdag 21. april 2020

Sommertopp

Strikkemojoen min er ikkje på topp nå om dagen,
og eg har ein arm som krangler, så eg tar det litt med ro.
Ein topp til meg er i alle fall blitt ferdig.
Eg har hatt eit par koner med merinogarn i lageret mitt
og nå var det på tide å bruka det.
Toppen blei deileg og mjuk, men eg lurer på om eg skal strikka den lengre.
Men fyrst må eg skylla den opp og sjå om den sig.
Mønsteret fann eg i boka, Strikk med gradienter,
eg brukte starten på ein kjole.



To av guttane våre (barnebarn) liker strikka sokkar,
så då må mormor til å strikka.
Det første paret er ein samstrikk for april, Fannrem Sokker, str 39.
Garnet er det første handfarga garnet eg kjøpte, farga av Tante Ull,
det grå er ein rest Silja.
Det andre paret er vanlege raggsokkar i Dale Hakkespett garn i str 42.
Guttane blir store med store føtter ;-)




Elles driv eg å spinn garn innimellom. 
Begynner å få det bedre til nå og då blir det kjekkare.
Er så heldig å få ull fra sauene til datter vår, eg både farger ulla og spinn.
Ulla på bilde er naturleg, den er brunsvart, blei lysare på bilde.
Eg har ein plan med garnet eg lager nå viss eg får det til som eg vil.




Kjekt når kvitveisen kikker opp, då er det vår!



3 kommentarer:

  1. Så skjønn toppen er -- og du er nå flittig med vond arm, lell!! Ha god betring og fin vår!

    SvarSlett
  2. Wenche -du strikker så nydelige plagg! Den toppen var bare helt lekker!
    Kjekt med håndfarget garn -ble fine sokker! Dale Hakkespett er også et kjekt sokkegarn.
    Så artig at du får spunnet litt, og ekstra gøy når du ser framgangen :)

    SvarSlett
  3. Du altså, så skjønn den toppen din er :) så lekker! Du er bare helt suveren, og rask

    SvarSlett