tirsdag 3. september 2019

Semele Sjal

Dette sjalet har eg strikka eit av før,
og då sa eg "aldri meir" etterpå. Men slik blei det ikkje!
Det er eit tidkrevande arbeid med mønster på kvar ein pinne, og det er ikkje noko TVstrikk!
Eg har ei tante som blir 70 år i oktober, og ho ønska seg sjal.
Då blei det til at eg fann fram dette mønsteret allikevel, det er jo eit fint sjal.
Det ser ut som eg har brukt eit halvt nr. tjukkare pinnar denne gang, 
for det blei større og luftigare. 
Eg er ikkje heilt fornøgd med det, men håper ho liker størrelsen.




Det er lenge sidan oppdatering her på bloggen, så det er ein del ferdig.
Eg har strikka sokkar i Regiagarn kjøpt på Fortuna, 
det blei to par i str. 38 av eit 100 gr nøste.
Dei blei nesten identiske i mønsteret.



Eit par klutar, det er greit innimellomstrikk!


Det var ein så flott regnbue her ein dag, og den var dobbel.
Skjelden å sjå heile buen så klar.



Desse fine sommarfuglane har det vore mengder av i det siste.
Dei gule blomane veks langs vegen,
og ein dag eg gjekk tur, myldra det av sommarfuglar.
Har aldri opplevd maken.



Ein genser er og ferdig, men den får koma i neste innlegg.



2 kommentarer:

  1. Åhhh så lekkert og florlett sjal! Eg hadde i alle fall satt pris på det! Nydelig mønster! Flink du er! Fine sokkar og klutar og nydeleg foto. Sommarfuglane har skikkeleg sverma her og. Eg forstår no kven som åt opp kålplantene mine!!

    SvarSlett
  2. Eit nydeleg sjal du har strikka, så delikat og luftig! Så kjekt å møta deg på Dyrskun fredag. Håper de fekk ein fin tur heim.

    SvarSlett