torsdag 25. april 2019

Bolero str 8 år

I påsken gjorde eg ferdig ein bolero.
Eit barnebarn hadde bruk for ein ny. Ho kan ikkje ha ull, det klør,
så eg har strikka den i Viking Bamboo, det er bomull - bambus blanding.
Ho er skeptisk til alt som er strikka, men ho tok den på og ho ville ikkje ta den av igjen.
Det lover godt, håper den blir brukt.
Jakken er finest i ryggen med bølgemønster på ein annan måte.



*

Det er så nydeleg ute nå, 
det blir grønare for kvar dag og blomane kikker fram.



2 kommentarer: