fredag 30. november 2018

Jakke i Alpakka

Dei fleste ungane her i familien vil ikkje ha ullkler, det klør!
Men alpakka går bra. Eg var i lageret mitt og fann nokre nøster
 turkis i Dale alpakka. 
Det strikka eg samen med ein tråd tynn, børsta alpakka, i natur farge.
Det blei bra samen, og jakken blir god og varm.
Eg brukte ikkje mønster, strikka ein heilt enkel jakke med fletter framme
og raglanfelling. Det er godt å sleppa montering. 
Eg strikka nokre forkorta omganger bak i nakken, så blir den litt høgare bak.
Jakken er str 10 år.




Eit par sokkar strikka eg i garn eg har farga sjølv, veldig grøne ;-)




Ønsker alle som ser innom ei rektig god adventstid!



2 kommentarer:

  1. Skjønn jakke!! Du har produsert mykje fint i haust med garnet ditt! Ha fin adventstid!

    SvarSlett
  2. Det var en lekker jakke, ser ut som en sky !

    SvarSlett