mandag 14. mai 2018

Sjal x 2

Trur nok eg kan seia at sjal er favoritt å strikka.
Det er kjekt å prøva nye oppskrifter, og det er mange fine å finna på Ravelry.
Me skal snart i bryllup, og når ein er kledd i fin kjole
kan det vera godt å ha eit sjal som luner over skuldra.
Eg liker dei ikkje for store. Dette som heiter Semele, kan du strikka så stort du vil. 
Du starter i eine sida og auker ut til passe størrelese før du starter fellinga.
Men eg må sei eg blei lei av dette sjalet, det har gått tregt.
Det er mønsterstrikk på kvar omgang, så det er ikkje avslappande tv-strikk.
Garnet er veldig tynt, Drops Lace, 70% alpakka, 30% silke.
Eg blei i alle fall godt fornøgd med resultatet.







Semele Sjal av Åsa Søderman
Drops Lace, 64 gr
Pinne 4

*

Fremdeles strikker eg modeller av garnet eg farger sjølv,
og sjølvsagt måtte det bli eit sjal til!
Dette sjalet, Løvlisjal, er og greit å strikka så stort du vil.
Mitt er mindre enn oppskrifta seier, passe å bruka som skjerf.
Garnet er merinoull i lys grått og lavendelblå.
Dette blir og med på messa.
Eg er så heldig å få vera med på Ryfylkedagane, ei stor messe.
Det blir spennande, det er helst for spesielt interresserte med håndfarga garn.




Løvlisjal av Strikkelisa
Farga merinoull, 52 gr
pinne 3,75


*

Våren er ei herleg tid, fint når blomane står i full blomstring!

Kvitt og gult

Blå skogsfiol er nydeleg!


Denne gubben, Adam, treff du på på Ombo.








2 kommentarer:

  1. Så lekre sjal, at du vart lei av finsjalet viser ikkje. Eit festsjal som kler fine kjolar. Fint skjerf og. Blir spennande å vera på messe, ønskjer deg lukke til. 😊

    SvarSlett
  2. Guriland, men du er dyktig på sjal!! Lekker og lekker. Nyt tida - jammen gjekk det fort med all spiringa i vår. Sommar før 17. mai og greier. Stilig han der Adam!

    SvarSlett