fredag 22. desember 2017

Nancy til Baby

I det siste har det gått i babyklær. Ein nevø er blitt pappa til ei gutt,
og eg fekk lyst til å strikka kofte til han. 
Garnet er tynn lammeull som eg har farga, det er kjekt å prøva det ut.
Eg blei så fornøgd med resultatet at det blei ei kofte til barnebarnet på 1 år og.
Kvar si buksa har eg og strikka, dei er i dobbel tråd.
Det eine settet er i str 9-12 mnd, det andre i ca 2 år.
Eg blei ferdig i siste liten til jul, men nå er det pakka inn og klart.








To par nye votter og, dei andre var for små.
Dei er strikka i dobbel tynn lammeull i same turkisfargane som er i kofta.


Nancy til Baby
Lammeull, 357 gr
Votter, 33 gr

*

Nå er det jul i stova her. I morgon kjem yngste datter med fam.
og me skal feira samen med heile familien, 21 stk.
 Kjekt å vera i lag alle, det blir koseleg.


Ønsker deg som ser innom her ei rektig god julehelg!







2 kommentarer:

  1. Guriland så fine sett! Blir bombesikkert tatt godt i mot og brukt flittig! Du må kose deg i Jula med alle samen!

    SvarSlett
  2. Så nydelige sett du har laget Wenche, må virkelig si du er rask på labben. Tryller frem så mye fint du :) ønsker deg ei fortsatt god og jul, og et riktig godt nytt år :)

    SvarSlett