mandag 5. juni 2017

Trultekjole og Samstrikk

Dette kjolemønsteret synes eg er så fint,
og når det kom ei lita jente hjå nokon me kjenner,
var det ikkje vanskeleg å velga kva eg skulle strikka.
Mora er glad i farger, og eg fann garn eg hadde på lager, Hverdags garn.
Det er blanding av ull og alpakka, mjukt og godt.
Kjolen er str. 9 mnd.


Trultekjole
Hverdags garn, 120 gr
Pinne 2,5 og 3

*

I helga starta eg på eit nytt arbeid, og eg er heilt hekta!!
Det blir bare ein omgang til, bare eit mønster til...

Det er ein samstrikk på Ravelry på ei gruppe som heiter Garngleder,
og me strikker eit lite teppe av Tori Seierstad, Norsk sommer, Blomstereng.
Det er eit perfekt restegarnsprosjekt der du kan bruka alt fra små rester til enkle nøster.

Det er to damer fra trøndelag som har ein podcast samen,
og dei har starta samstrikken. Dei vil gjerne ha fleire med,
så har du lyst til å vera med kan du inn HER og melda deg på.
Podcasten finn du HER.

Mitt teppe blir ein blanding av fleire garntyper.
Eg har mykje Ask og ein del sjølvfarga garn eg kan bruka.



6 kommentarer:

  1. Nydelig kjole du har strikka! Strikkeprosjektet ditt er spennande. Så nyttig å strikka opp garnrestar - men, eg har ikkje tid med det store prosjektet mitt. Samt jobben utanom. Vonar du legg ut fleire foto i blogg, for eg har lyst å følge med. Koselig å kikke innom blogg til vener!

    SvarSlett
  2. Ein kjempesøt kjole du har strikka, eg blir litt nostalgisk når eg ser slike.
    Du veit å freiste med samstrikk, men denne gangen må eg stå over. Teppet ditt ser nydelig ut.

    SvarSlett
  3. Ein kjempesøt kjole du har strikka, eg blir litt nostalgisk når eg ser slike.
    Du veit å freiste med samstrikk, men denne gangen må eg stå over. Teppet ditt ser nydelig ut.

    SvarSlett
  4. Lekker kjole. Samstrikk er gøy, må se på det. Takk for tips.

    SvarSlett
  5. Så koselig strikkebilde fra en sommerlig veranda (?) !

    SvarSlett
  6. Så koselig blogg Wenche :) så mye fint du lager

    SvarSlett