onsdag 11. januar 2017

Ingen god start...


Det er ikkje mykje ferdig eg kan visa fram i dag.
Det blir strikka litt fram og litt tilbake for tida.
Eit par sokkar er i alle fall ferdige, er litt strukturmønster oppå foten.
Det er vanskeleg å fotografera mørk blått.



Wool Blend garn, 65 gr
Pinne 3


Rett over nyttår la eg opp til ein jakke i tynt Holst garn.
Mønsteret er i eit tjukkare garn, så eg strikka prøvelapp,
rekna om masketalet og satte i gang.
Det såg ikkje heilt rett ut, hadde følelsen av at det blei for stort.
Men nede er det ikkje ribbestrikk, men ei bord,
og den aukes til over 100 masker meir før det felles inn igjen.
Derfor strikka eg borda ferdig og starta på glattstrikken før eg målte,
..... og ja, det var mykje for stort!!
Det må vera noko feil med måla i mønsteret, har ikkje opplevd det før.
Den borda i så tynt garn tok tid, så det var ikkje kjekt å rekka opp igjen!
Men nå er eg godt igang igjen, og nå ser det bra ut.




Elles held eg på med Vividteppe mitt, må snart få det ferdig.
Eg er ikkje heilt fornøgd med fargane i Kaunigsrnet eg bruker,
det var ein grønfarge der som ikkje falt i smak, det blir for mørkt.
Derfor går det tregt. Trur det må bli ein gave eller ein gevinst.



Dei siste åra har eg halde rekneskap med garn eg strikker opp,
og eg har rekna samen forbruket i 2016.
Det har ligge rundt 10 kg, men i fjor blei det 8,745 kg.
Antall plagg eg har strikka er 85 med stort og smått, 
og eg har brukt mykje tynt garn.

I 2016 starta eg å farga garn, det tar litt tid, men det er veldig kjekt.
Håper å kunne fortsetta med det i år og, 
Har lyst til å prøva meir plantefarging, det er spennande.

Ein utfordring i 2017 må bli å læra å spinna.
Rokken fekk eg til jul, så nå har eg ingen unnskyldning...







2 kommentarer:

  1. Lekre sokker! Kjedelig å rekke opp, men ser du får da fint til. Teppet ditt blir jo bare sååå flott! Likte grønnfargen eg - den bryter ikkje med dei andre fargane. Liker meir og meir grønt, så er nok derfor om du ikkje tar det som trøst!

    SvarSlett
  2. Sikker på at dei blå labbane er prima sjølv om som du seier, vanskelig å visa det på bilde.
    Så kjedelig når ein må rekke opp, men det er vel det som kjennetegner dei som berre vil oppnå best mogeleg resultat. Gleder meg til å sjå jakka etterhvert.
    Teppet ditt vert nok lekkert, har sett nokon av rutene og dei er knallfine.
    Ønskjer deg ei flott helg!

    SvarSlett