mandag 4. juli 2016

Hentesett på ferie og strikketreff.

Ferien har starta og me har vore på tur.
Først reiste me til Trondheim, der skulle eg på strikketreff.
Men først hadde me eit stopp på Løkken Verk,
der det er ein kjempekoseleg garnbutikk med mykje spennande garn,
Fortuna har fleire sorter garn som eg ikkje får tak i her i distriktet.
Dei har nettbutikk og, anbefaler å ta ein titt.
Eg kom ut med ein stor bærepose ;)



Strikketreffet var topp! 
Tenk å vera i lag med så kjekke damer og bare strikka ei heil helg, herleg!
Me var 9 damer i samen den helga, og det blei mykje
strikking, prating, konkurranse, latter og skoi!!
Været var ikkje så bra, men med god fyr i ognen hadde me det fint.
Ein tur til Oddrun's Atelier hadde me og. 
Ho har mohairgeiter og selde ull og garn som ho fekk spunne på Telespinn.
Malte flotte bilder gjorde ho og.
Det blei eit par hespler garn med derfra og!






Etterpå var me på eit bruktutsalg.
Der fann eg ei brodert brikke som var sydd med neversøm.
Det har eg aldri hørt om eller sett før.



Turen gjekk videre til Sverige, og me gjekk ein tur i Østersund.
Kva trur dokke det første som dukka opp var?
Jo, nemleg ein garnbutikk!! 
Dama spaserte ut med ein pose garn derifra og...
Nå må det vera slutt med å handla garn ei stund, trur eg...  
Men det ligg mange gode minner i dei nøstene som er blitt med heim.



*

Strikketøyet var med på turen, det tar aldri ferie ;)
Eg er så heldig som skal bli mormor igjen, og eg har strikka hentesett.
Mammaen har valgt settet fra klompelompe boka.
Det mangler knapper ennå, men settet skal snart leverast.



Mønster, Klompelompe
Garn, Sandnes tynn merinoull, 225 gr
Pinne 2,5 og 3


Nå er me klar for hyttetur, blir godt det og.

Sender ein klem til dokke som var på strikketreffet og som er innom her.
Håper me treffes snart igjen!

Fortsatt god sommar!






3 kommentarer:

  1. Kjekt å lesa reisebloggen din. Veldig kjekt treff vi hadde. Kosa deg med garnet - ser flott ut. Og settet du har strikka er jo bare så fint!

    SvarSlett
  2. Nydelig hentesett ! Fortsatt god sommer til deg

    SvarSlett
  3. Nydelig hentesett til det nye familiemedlemmet som kjem. Å bli bestemor er like spennande kvar gang, det veit eg som vart bestemor då vi var på det fantastisk kjekke strikketreffet.

    Du har mange kjekke timar framfor deg med det flotte garnet du har kjøpt. Alltid kjekt med garn ein ikkje har tilgang til der ein bur.

    Ønskjer dåke ein fin hyttetur!

    Sommarklem frå Åshild

    SvarSlett