torsdag 14. juli 2016

2 x Baby-Rumper og Sokker

For tida blir det mykje babystrikk.
Eg skal bli mormor til høsten og 
eg kjenner ei som skal bli mor for første gang.
Dei liker strikka klær, og det er eg glad for,
det er kjekt å strikka til dei små.
Nå har eg strikka to rumper (rart navn på fine plagg),
ein til kvar av dei, og begge får guttar.
Dei har ikkje fått knappar ennå.  
Den eine er lys, lys blå, ikkje så grå som på bilde, str 2-4 mnd.
Denne er ikkje vaska og blokka. Den blå er 3-6 mnd.
Nå har eg eit teppe på pinnane.





DSA tynn alpakka, 67 gr
Sandnes Babyull Lanett, 90gr
Pinne 2,5 og 3

*

Innimellom blir det sokkestrikk, må fornya sokkegarderoben til maen.
Han sliter veldig på sokkane og nå var 
det hull og stopping på nesten alle han hadde.
Han bruker strikkasokkar året rundt.
Fant noko restegarn, greit å få bruka opp det og.


Desse er i garnet Online Supersocke med aloe vera & jojoba.
Det er 150 gr i nøste og eg har nok til eit par til.
Eg bruka Silja i hælen slik at stripene blei jevne i sokken.


Rester av sokkegarn, 228 gr
Online Supersocke, 83 gr
Pinne 3,5





5 kommentarer:

  1. Bedårande søte rumpers -- eller skal me rett og slett, seie; seleshorts? /kortbukse? Ikkje lett å forhandle med ord som kjem snikande inn i vokabularet! Uansett greit med deg som holder både store og små med anvendlige og varme plagg!

    SvarSlett
  2. Så fine kortbuksene du har strikka, dei vil nok bli mykje brukt. Rart korleis moten går i ring. Har mønster på slike i eit blad frå 50-talet.

    Heldige mann har du og som får så gode nye labber.

    SvarSlett
  3. Så fine kortbuksene du har strikka, dei vil nok bli mykje brukt. Rart korleis moten går i ring. Har mønster på slike i eit blad frå 50-talet.

    Heldige mann har du og som får så gode nye labber.

    SvarSlett
  4. Så flotte, navnet er av engelsk opphav; Romper.og ikke så vakker. Men disse vil nok gjøre lykke. En spennende tid du går i møte !

    SvarSlett
  5. Nydelige håndarbeider fra deg igjen Wenche :) kjempefine! Fortsatt god sommer og kos deg masse :) sommerklem fra trøndelag

    SvarSlett