mandag 14. mars 2016

Multistrikking

Strikkelysten er ikkje på topp for tida, men litt får eg nå gjort.
På toppen av det heila, så starter eg på fleire ting på ein gang,
noko som eg skjelden har gjort før.
Då går det ikkje så fort å få det ferdig.
Eit større prosjekt er Vivid-teppe, eit lappeteppe med holmønster.
Nokre lappar er det blitt, og eg vasker og blokker dei etter kvart.
Strikker det i fleirfarga Kauni.





Gubben sliter veldig på sokkane sine, og det trengs nye for tida.
To par har eg strikka, eit til gubben og eit til eine svigersonen som har bursdag.





Kjøkkenklutane mine er og velbrukte, så eg treng fleire.
Har bare strikka ein foreløpig, beste klutar som fins!




Eg har starta på enda eit prosjekt.
For nokre år sidan var me på Island.
Der kjøpte eg eit garn som heiter Arezzo lin, det er blanding
av lin, bomull og bambus. Det er eit garn som held seg godt og er ikkje så varmt.
Derfor passer det å strikka seg ein jakke til våren.
Garnet er veldig laust spunne, så det deler seg lett når eg strikker.
Fann eit mønster på Ravelry, jakken skal strikkast ovenfra og ned.
Eg har jo gjort det før, men denne har ein spesiell start,
håper eg får det til, er ikkje ekspert på engelsk!



Gjestal Sportsragg, 127 og 136 gr
Rauma Pandora, 50 gr




Det nermer seg fort påske og. I dag har eg baka havrekjeks.
Dei må eg alltid ha til påske, alle er glad i havrekjeks.






Ønsker dere alle ei rektig god påske!











6 kommentarer:

  1. De lappene kommer til å bli vakre satt sammen, ha en fin våruke.

    SvarSlett
  2. Multitasking på høgt plan! Men, du finner alltid fram til så fine mønstrar. Spennande garn frå Island og den engelske oppskrifta du følger. Av og til er det greit å kvila seg - og berre vente litt på inspirasjon.

    SvarSlett
  3. Jammen får du gjort mykje om du seier strikkelysten er på topp. Herlige labber og gode kluter. Spennende jakke og det teppet vert nydelig. Og så bakgrunn du i tillegg. Du er flink til å nytte stundene.

    SvarSlett
  4. Jammen får du gjort mykje om du seier strikkelysten er på topp. Herlige labber og gode kluter. Spennende jakke og det teppet vert nydelig. Og så bakgrunn du i tillegg. Du er flink til å nytte stundene.

    SvarSlett
  5. Super lappene ha du strikket, deilige mønster, fint garnet.
    Spennende ser ut jakken, ønsker deg glede med strikke fortsatt.
    Jeg bakte lørdag havrekjeks med barnebarn, lille jente...
    så veldig fint :-)) vi plante vårblomst i potte og hengte opp
    påskeegg. Ønsker deg og dine god påske... med mye solskinn.
    Hilsen fra Viola

    SvarSlett
  6. Jøsses, skal si du har dreis på pinnene, så mye fint du lager Wenche :) og de lappene, de blir garantert et vakkert teppe! Hullmønsteret der ser jo helt nydelig ut - alltid pent med hullmønster :) her finner jeg alltid inspirasjon, takk for en koselig blogg å lese :)

    SvarSlett