torsdag 25. februar 2016

Genser med raglanfelling

Ja, det blei raglanfelling på genseren og det gjekk veldig bra.
Synes det passa godt til mønsteret på denne genseren, 
eg strikka to masker mellom fellingane.
Det har vore eit drygt arbeid, denne genseren.
Eg veit ikkje kvifor, men eg gjekk lei så eg måtte ta meg isamen for å få den ferdig.
Den skal vera gevinst på basaren foreninga vår skal ha etter påske.
Det er eit herleg garn å strikka med, Viking Alpakka Silk.
Dessverre er det gått ut nå.

Garn, Viking Alpakka Silk, 619 gr
Pinne 3 og 3,5

 *

Nå blir det lappestrikking til Vivid-teppe mitt.
Eg strikker det i multifarga Kauni, farge EF.
Eg blei ikkje fornøgd med fargane, synes det er for mørkt.
Sånn er det når me handler på nett, fargane er ofte mørkare enn bilde viser.
Fargane går i blå, lilla og grønntoner, eg har ikkje kome gjennom alle enda.
Kanskje eg må ha nokre lys grå lapper i tillegg?
Det får eg tenkja på...



Det skjedde med eit herleg Merinogarn eg spanderte på meg og,
fargane var mykje mørkere enn bilde viste på nettbutikken.
Det er bare så mjukt og herleg dette garnet,
Dei passa godt isamen og, så eg må finna eit fint mønster til eit sjal
i to fargar.




Det er snart helg att. Eg gleder meg til koseleg besøk av ei venninne i helga.
Då blir det masse strikking og ein god prat, herleg!

God helg til dokke og!






4 kommentarer:

  1. Genseren ble tøff og maskulin! For ein gevinst!!! Herlig garn du har fått tak i. Lykke til med teppet - det ser ut til å bli lekkert! - og god helg med besøk.

    SvarSlett
  2. Den genseren er verkeleg flott, eg er så heldig at eg har fått kjent på det nydelige garnet og sett på det flotte arbeidet du gjer.
    Rutene til teppet er også nydelige, vert kjekt å følgja deg i arbeidet med det.
    Nydelig garn i fine fargar du og har snopa deg, det vert nok til noko lekkert på dine flittige strikkepinnar.
    Tusen takk for at eg fekk komma på besøk og for at både du og mannen din tok så godt vare på meg. Det var eit kjærkomme avbrekk i frå rehabiliteringsopphaldet på Nærland!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Åshild! Det var kjempekoseleg å få besøk av deg, veldig kjekt å treffast!

      Slett
  3. Åh, den genseren ser helt herlig ut - ser så god og myk ut :)

    SvarSlett