tirsdag 11. august 2015

Stripeteppe


På bloggen til Tone`s Ting & Tang såg eg eit flott 
teppe ho hadde strikka av restegarn.
Det fekk eg lyst til å strikka til hytta.
Eg hadde mykje Hifa Ask liggande, det er eit tynt og lett ullgarn.
Det er ikkje alltid lett å setta samen fargane,
så eg fekk hjelp av datter mi. 
Det er bare rillestrikk, så det har vore eit avslappande TV strikk.
I det veret me har hatt i sommar, 
har det ikkje vore problem å strikka med ullgarn!
Resultatet er eg godt fornøgd med.




Teppe på plass på hytta! 
Fargane står i stil med hortensiaen me har der ;)



Garn, Hifa Ask, 935 gr
Pinne nr 4

*

Eit par sokkar har vore greit å ta med seg i veska.
Garnet er Robust, det er lilla og kvit spettet, ikkje grått.


Robust garn, 110 gr
Pinne nr. 3,5 
*

I vår melde eg meg på ein along på ei gruppe på Raverly, The Knitgirllls.
Det er to damer som har ein podcast.
På tre mnd skulle eg strikka 5 km garn, 
og sidan eg holdt på med teppe, melde eg meg på.
Eg var spent på om eg klarte det, men teppe 
og kofta gjorde susen, det blei over 6 km.
Fristen går ut nå på torsdag.

*

Det har vore lite aktivitet på bloggen min i sommar.
Eg har vore mykje på hytta og me hadde ein tur til Telemark ei veke.
Det er godt å ta seg fri fra nettet og av og til, 
men nå starter kvardagen igjen, så då blir det meir blogging og.

Kun to nøster garn handla eg på turen. 
Det var helst same garnleverandørar som heime,
men eg fann eit sokkegarn fra Rauma, Magi, som eg vil prøva.










9 kommentarer:

  1. Så koselig blogg å lesa, Wenche! teppet er nydelig. Rillestrikk gjer seg godt i tepper og ekstra godt med slike fine striper.
    Flotte labbar og.
    gleder meg til å følgja bloggen din utover hausten. Du lagar alltid så flotte produkt.
    ønskjer deg ei fin veke!

    SvarSlett
  2. Sier som Åshild, kjempekos blogg :) og det teppet ditt var bare helt nydelig! Så rolige fine farver, dette kan du :) de strømpene så skikkelig gode ut. Ha en riktig fin dag Wenche, kos å lese blogg fra deg igjen :)

    SvarSlett
  3. For et teppe.. !!! Det var utrolig fint.

    SvarSlett
  4. Aldeles stiligt og flott teppe! Blir blikkfang på hytta!!! Likte og sokkane. Gratulere med målet på 6 km , ikkje reint lite det!!

    SvarSlett
  5. Åååå for eit fint teppe ! Lurer på ka pinnenr. du brukte ?

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk :) Eg har brukt pinne nr 4, då blir det luftig, mjukt og godt.

      Slett
  6. Hei. Måtte ta ein tur innom bloggen din! Artig å sjå at du vart inspirert av meg og teppet mitt! Ditt resteteppe var knallfintHelsing Tone:-)

    SvarSlett
  7. Så flott teppet det ble. Det er litt av en fart du strikke i!!
    Og sokkene ble også fine.

    SvarSlett