mandag 24. august 2015

Blåbærtur

Rykte gjekk om at det var godt med blåbær i år.
I går var det så flott vær og me blei enig om å ta ein tur og sjå etter bær.
Og visst fann me blåbær, nesten to bøtter fulle!


Eg var med å henta den eine bøtta, og etterpå var det tid for nistemat.
Me gjekk til ein nydeleg plass ved vatnet, vår faste plass der oppe.




Denne damen går ingen plass uten strikketøyet,
ikkje på blåbærtur eingang!
Mens maen for avgarde og henta andre bøtta,
Sat eg i sola med sokkestrikk og kaffi, ikkje feil det ;)


Men då maen kom tilbake, blei me angrepne av ei mengd med klegg.
Då var det bare å pakke saman og kjøra heim.
Jobben med rensing er ikkje fullt så kjekk, men nå har me syltetøy
og bær til pai, herleg!





1 kommentar:

  1. Misunnelig --- på denna matauka! Og smiler litt av deg som strikka på blåbærtur ;) - godt meint altså! Eg skal fiksa ein kopi til deg av boleroen, må berre summe meg litt

    SvarSlett